Overfører NOx-utslepp frå ferjer til gasskraftverk

Overgang frå dieseldrivne til gassdrivne ferjer i sambandet Halhjem-Sandvikvåg vil kunna redusera utsleppa av NOx-gassar frå 800 tonn til 70 tonn årleg. Hordaland fylkesutval rår til at den utsleppskvoten som HSD sparar ved å ta i bruk gassferjer, vert ov

Mot ei røyst
Fylkesutvalet rår dermed til at overgang til gassferjer i dette sambandet vert godkjent som såkalla tredjemannstiltak når det gjeld utslepp av NOx-gassar. Vedtaket vart gjort mot ei røyst (SV). Bjørn Lothe (SV) føreslo at fylkesutvalet skulle gå mot at utsleppsløyva til Naturkraft sine planlagde gasskraftverk på Kollsnes og Kårstø blir endra. Forslaget var grunngjeve med at det ikkje er sannsynleggjort at ureinande gasskraftverk vil redusere utsleppa av korkje CO2 eller NOx globalt. Forslaget fekk fire røyster (SV og Krf) og fall. Kristeleg folkeparti støtte primært dette forslaget, men røysta subsidiært for innstillinga som vart vedteken.

Størst i landet
Halhjem-Sandvikvåg er ferjestrekninga med størst trafikk i landet. I 2001 frakta ferjene nærmare 600.000 køyretøy. Det er behov for å auke kapasiteten frå fire ferjer i dag til seks. Desse seks kan i staden bli erstatta av tre gassdrivne ferjer som har 50 prosent større fart og 50 prosent større kapasitet.

Stanley Hauge

01.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart