Det ovannemnde er ein del av endringane fylkesrådmannen føreslår i budsjettopplegget for 2003 samanlikna med budsjettgrunnlaget han la fram 1. oktober i år.
59,3 mill til nyskaping
I tilleggsnotatet fylkesrådmannen la fram 8. november har han innarbeidd kva konsekvensar statsbudsjettet får for fylkeskommunen sitt opplegg for 2003. M.a. er midlar til regional utvikling og nyskaping lagt inn med 59,3 mill. kr – den summen fylkeskommunen får overført frå staten til denne nye oppgåva frå 2003.
Folkehøgskulane
Statsbudsjettet legg opp til at heile det offentlege tilskotet til folkehøgskulane skal koma frå staten frå 2003. Midlar som fylkeskommunen til no har løyvd, vert trekte inn av staten. For Hordaland utgjer dette ca. 7,4 mill. kr. Staten skal også overta finansieringa av dei tekniske fagskulane frå 2003, og trekkjer i den samanheng inn 21,2 mill. kr frå Hordaland neste år.
Når det gjeld dei tekniske fagskulane, vil dette føra til at fylkeskommunen frå hausten 2003 berre vil setja i gang så mange klassar i teknisk fagskule som staten løyver tilskot til.
Tannhelse
Innan tannhelsetenesta går fylkesrådmannen inn for at fire av dei ni tannklinikkane som var føreslegne nedlagde, inntil vidare vert oppretthaldne. Det gjeld klinikkane på Fedje, i Modalen, på Utne og på Valen. Som i budsjettgrunnlaget føreslår han at klinikkane på Fitjar, i Granvin, Kinsarvik, Mosterhamn og Røldal vert lagde ned neste år.
Manger
Fylkesrådmannen foreslår å vidareføra drifta ved Manger folkehøgskule. Dette har vorte mogleg ved kombinasjonen av auka statstilskot og reduserte utgifter ved skuledrifta. Dei nye føresetnadene gjer at folkehøgskuledrifta ved Manger kan drivast for om lag same nettosum heile 2003 som det som var lagt inn i budsjettgrunnlaget for vårhalvåret.
Fylkesvegvedlikehald
Løyvinga til fylkesvegvedlikehaldet føreslår fylkesrådmannen å redusera med ytterlegare 2 mill. kr. I det siste har det kome fram at nokre bruer på fylkesvegane er i svært dårleg forfatning. Det ser ut for at det i nokre høve må gjennomførast full oppgradering – tilnærma nybygg. Slike større reparasjonar kan i alle høve ikkje løysast over vedlikehaldsbudsjettet. Tiltak av større omfang må vurderast innanfor investeringsbudsjettet, skriv fylkesrådmannen i tilleggsnotatet om budsjettet for 2003.
Staten underfinansierer
Fylkesrådmannen konstaterer at opplegget for kommunesektoren for 2003 er svært stramt. På ny ser ein også at nye ordningar som staten vedtek innført er underfinansierte. Det gjeld t.d. seniortiltak i den vidaregåande skulen, ungdomskort og studentrabatt på kollektivreiser. Fylkesrådmannen registrerer at slik underfinansiering meir er regelen enn unnataket. Departementa sine tronge budsjettrammer gjer det nok freistande å lata fylkeskommunane ta litt av kostnadane. På denne måten greier ein meir på sentralt hald.
Det reviderte budsjettgrunnlaget pr. 8. november 2002
Budsjettsidene til Hordaland fylkeskommune
Stanley Hauge