32 kandidatar
- Det var i år 32 kandidatar til Oppfinnarprisen for Hordaland. Søknadane hadde jamt over eit særs høgt nivå, og mange av dei innsende søknadane var vinnarkandidatar. Aldri før har nivået vore så høgt som i år! Juryen hadde ei vanskeleg oppgåve når dei skulle nominere to av søknadane til heiderleg omtale og éin vinnar av Oppfinnarprisen for Hordaland 2002, sa fylkesvaraordføraren under prisutdelinga.
Nyskapande
- ”Miksaren for blodprøver” er nyskapande, funksjonell og har eit stort marknads- og forretningspotensiale. Oppfinnaren har dokumentert både vilje og evne til å realisere ideen, og juryen peikar dessutan på det faktum at oppfinnaren har valt å produsere oppfinninga i heimkommunen, Stord i Hordaland, sa Selsvold Nyborg og overrekte oppfinnarprisen til Oskar E. Langeland.
Ny og unik
Oppfinninga til Langeland gjer det mogeleg både å rotere og samstundes vippe reagensrøyr eller prøveglas, og hindrar såleis at blodprøver koagulerer. Denne måten å blande innhaldet i prøveglas på, er ny og unik.
Oppfinninga er søkt patentert og er alt i sal. Det er venta stor omsetnad av produktet, mellom anna til legekontor og laboratorium i inn- og utland. Med si finurlege innretning kan oppfinninga på sikt få eit endå større bruksområde.
Eksportretta arbeidsplassar
Langeland si oppfinning tilfredsstiller alle krava til oppfinnarprisen. Ideen har god oppfinnarhøgd og nyhendeverdi. Langeland har både vilje og evne til å realisere oppfinninga, som er venta å ha eit stort forretningspotensiale i nasjonale og internasjonale marknader. ”Miksaren for blodprøver” er sett i produksjon på Stord og kan medverke til utviklinga av nye eksportretta arbeidsplassar i fylket. Oppfinninga er såleis heilt i tråd med målsetjinga i strategisk næringsplan for Hordaland.
Heiderleg omtale
Juryen gjev heiderleg omtale til to andre oppfinningar, Arvid Eikaas sin ”STAN-mutter” og Torbjørn Aasen/Stein Helge Glad Nordahl sin ”SAFE-ball”.
Arvid Eikaas, Bergen:
Eikaas har utvikla ein ny og spesiell type låsemutter, kalla ”STAN-mutter”. Denne unike låsemutteren hindrar tjuveri og sabotasje av fastmonterte gjenstandar i private og offentlege rom.
Det er tatt patent på produktet og inngått intensjonsavtale om produksjon. Mutteren er nyleg selt inn i eit selskap, som har fått namnet STAN-mutter AS, der oppfinnaren har ein eigardel på 32 prosent.
Torbjørn Aasen og Stein Helge Glad Nordahl, Bergen:
Aasen og Nordahl har i samarbeid utvikla ein roterande alarmsensor, kalla ”SAFE-ball”. Oppfinninga er ei batteridriven kule med innebygd rørslesensor, som flyttar seg frå stad til stad, i vilkårlege posisjonar i rommet. Med denne oppfinninga kan ikkje innbrotstjuvar planleggje tjuveri ved å setje alarmanlegg ut av drift. På grunn av enkel teknologi, vil innrettinga kunne bli rimeleg i innkjøp. Produktet er søkt patentert, og kan dels sjåast som ei vidareføring av prinsippa som låg til grunn for produktet ”ROBO-mop”, som vann Oppfinnarprisen for Hordaland i 2000.
Niande gongen
Dette er niande gongen Hordaland fylkeskommune deler ut oppfinnarprisen. Målsetjinga med prisen er å stimulere til auka kreativitet og nyskaping i fylket. Prisen er ein honnør til personar som utviklar unike oppfinningar og arbeider for å realisere dei, helst i Hordaland.
I 2001 vart det ikkje delt ut pris, og frå og med 2002 er søknadskriteria endra og prisen auka til 50.000 kroner.
Bilete frå prisutdelinga, oppfinningane og oppfinnarane

Bjarte Brask Eriksen