Odda får forskottera utbetring i Opheimsgata

Hordaland fylkesutval går inn for at Odda kommune skal få forskottere 10 millionar kroner til utbetring av Opheimsgata i Odda sentrum, og at summen vert refundert i perioden 2010-2013.

Løysa trafikkproblem
Opheimsgata er i dag ein kommunal veg. Men for å løysa trafikkproblema på Rv 13 gjennom Odda sentrum vert det lagt opp til å føra gjennomgangstrafikken gjennom Opheimsgata.

Vedtaket i fylkesutvalet vart gjort mot ei røyst (SV). Bjørn Lothe, SV, føreslo at ein heller skal fullfinansiera vegutbetringa med statlege midlar over to år, 2003-2004. Dette fekk berre hans eiga røyst og fall. Etter forslaget hans fall, røysta Lothe subsidiært for innstillinga som vart vedteken.

Tunnelopning
Årsaka til opprusting av den kommunale Opheimsvegen, er at opninga av Folgefonntunnelen har ført til auka trafikk gjennom Odda sentrum. Kostnaden med omlegginga er kalkulert til 15 millionar kroner. Dette kan dekkast inn ved 10 millionar i kommunal forskottering og fem millionar over riksvegbudsjettet i 2003.

Stanley Hauge

02.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart