Ein samrøystes komité for miljø og samferdsel i Hordaland vil ikkje kutte i transportordninga for funksjonshemma og tilrår at den noverande ordninga held fram. Eit fellesforslag fremja av Terje Søviknes (Frp) vart tilrådd. Rundt 30 funksjonshemma møtte fr

To millionar kroner ekstra
For å oppretthalde transportordninga som i dag, er det behov for to millionar kroner ekstra på budsjettet for neste år. Etter forslag frå Arne Jakobsen (A) vart det samrøystes tilrådd å dekkje denne summen inn i samband med budsjettforhandlingane for 2003. Bente Bondhus (Sp) ville først dekkje summen inn ved å kutte to millionar kroner i subsidiane til snøggbåtane, men dette fekk berre fire røyster (1 Sp og 3 H) og fall.
Legenemnd
Komiteen tilrådde samrøystes at den fylkeskommunale legenemnda skal stå for den medisinske vurderinga av alle søknader til transportordninga. Innstillinga frå legenemnda skal leggast til grunn for godkjenning av brukarar.
Sakkunnig erklæring
Komiteen tilrådde at eit vilkår for arbeidskøyring for trygda personar er at sakkunnig erklæring som dokumenterer kvifor søkjaren ikkje kan nytte buss, skal leggjast ved søknaden. Derimot fekk punktet i innstillinga om at alle som søkjer om arbeidskøyring, skal søkje om stønad til fordyra transport frå folketrygda, berre tre røyster (2 frå Frp og 1 frå Krf) og fall.
Ikkje dyrare eigendel
Komiteen sa vidare nei til dyrare eigendel for arbeidskøyring, men ja til at fylkesrådmannen får fullmakt til å endre retningslinjene i samsvar med vedtaket.
Saka går vidare til fylkesutvalet for endeleg avgjerd 20. og 21. november.
Bjarte Brask Eriksen