Hordaland fylkesutval har vedteke at Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland blir vidareført i 2003 og 2004. Vedtaket vart gjort med 7 (Ap, SV, Sp) mot 7 røyster (H, Krf, V, uavh.), og vart avgjort ved fylkesordføraren si dobbeltrø
Cathrin Rustøen (uavh.) føreslo at kontaktutvalet skal leggjast ned. Forslaget fekk ei røyst og fall. Rustøen støtta deretter Nilsen sitt forslag.
Fylkesutvalet ber om at Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland vert evaluert på nytt i 2004 med omsyn til alternativ finansiering og organisering.
Evalueringa som er gjennomført i år, viser at alle medlemane i kontaktutvalet ynskjer at det skal førast vidare. Det er semje om at utvalet har fungert som ein verdifull møteplass mellom innvandrarar og tilsette ved ulike etatar.
Fylkesutvalet vedtok å endra mandat for Kontaktutvalet mellom innvandrarar og styresmakter i Hordaland slik det går frem av saksframlegg frå fylkesrådmannen. Det vil m.a. føra til at talet på representantar i utvalet vert redusert frå 26 til 14.
Stanley Hauge