Fylkesutvalet opprettheld Osterøy vidaregåande, Jondalsklassen og allmenne fag i Austrheim

Osterøy vidaregåande skule vert oppretthalden, allmennfagtilbodet (1 parallell) ved Austrheim vidaregåande skule vert vidareført. Like eins vert den internasjonale klassen ved Øystese gymnas og trebåtbyggjarlina ved Norheimsund vidaregåande skule, avd. Jo

8,5 millionar meir til vidaregåande skular
Fleirtalet i fylkesutvalet, dei ni representantane for Ap, Krf, Sp og V, føreslår å styrkja løyvinga til dei vidaregåande skulane med ca. 8,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmannen. I tillegg til å oppretthalda dei tilboda som er nemnde ovanfor, vert det tilrådd å auka løyvinga til støtteundervisning med 2,5 mill. kr, og å føra inn att tre av dei fire stillingane fylkesrådmannen hadde føreslege å ta vekk ved oppfølgingstenesta og pedagogisk psykologisk rettleiingsteneste.

Betre tilbod for Espevær
Fleirtalet rår også til å auka løyvinga til samferdsel med 0,23 mill. kr for å betra båtrutetilbodet til Espevær. Til Stord familievernkontor vert det føreslått 0,5 mill. kr og det vert føreslege løying til regionsenter for husflid med 135 000 kr og til husflidskonsulent med 165 000 kr.
Dei samla endringane som fleirtalet (Ap, Krf, Sp og V) rår til utgjer 9,57 mill. kr. Auken vert dekka med tilsvarande reduksjon i andre budsjettpostar. Løyvinga til fylkesadministrasjonen vert redusert med 1,9 mill. kr, summen til lønsavsetjing vert sett ned med 3,0 mill. kr, 1,5 mill. kr skal sparast ved reduksjon i løyvinga til elevinspektørar, budsjettposten til renter og avdrag vert sett ned med 1,0 mill.kr og fylkesutvalet sin tilleggløyvingskonto vert redusert med 0,84 mill. kr.

Mindre reiseverksemd
Ei rekkje andre postar vert redusert med i alt 1,33 mill. kr. Det gjeld konferansar, møte og reiseverksemd 300 000 kr, fylkesplanen 100 000 kr, strategisk næringsplan 100 000 kr, bokbåten 100 000 kr, stønad etter vedtak 100 000 kr, dokumentasjonssenteret 200 000 kr, innløysing friareal 50 000 kr, prosjektstøtte Europakontoret 100 000 kr, Northtrail 200 000 kr og redusert husleige ved Osterøy vidaregåande skule 80 000 kr.

Høgre, Fremskrittspartiet og SV fremja sine eigne forslag til årsbudsjettet for 2003. Desse forslaga fekk støtte frå forslagsstillarane sine grupper.

Høgre
Tom Christer Nilsen sette fram forslaget frå Høgre. Forslaget omfattar styrkingar på ca. 15,5 mill. kr og innstrammingar på 21,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget.
Høgre føreslår også at Osterøy vidaregåande skule og trebåtbyggjarklassen i Jondal skal oppretthaldast. Samla føreslår Høgre styrkingar på 10,7 mill. kr til dei vidaregåande skulane, men av dei generelle innstramminga på 21,5 mill. kr gjeld 5,5 mill. kr reduksjonar i undervisningssektoren.
Postar i skulesektoren som Høgre føreslår styrkt er lærartimetal 4 mill. kr, særskild undervisning 1,0 mill. kr, undervisningsutstyr 1,0 mill. kr og drift vidaregåande skular 1,5 mill. kr.
Høgre føreslår å auka løyvinga til fylkesvegar med 2 mill. kr og føreslår også 2 mill. kr meir til transporttilbodet for funksjonshemma. Høgre vil løyva 370 000 kr i tilskot til støttesenteret for incestofre, 300 000 kr til museumsplanen og 100 000 kr meir til Vestlandske teatersenter.

Innstrammingar
Høgre føreslår slike innstrammingar: Kultur 5,36 mill. kr, undervisning 5,5 mill. kr, samferdsel 2,0 mill. kr og sentrale organ, fellesutgifter og næringsføremål 8,65 mill. Samla utgjer dette 21,5 mill. kr.
Høgre føreslår sal av fylkeskommunale eigedomar for 51 mill. kr, og utsetjing av investeringsløyving til tusenårsstaden og kutt i løyving til Valen/Handeland gard. Investeringar i vidaregåande skular vil Høgre auka med 20 mill. kr, og til investeringar i fylkesvegar vil Høgre nytta 10 mill. kr meir finansiert med overføring frå driftsbudsjettet.

Forslaget fekk to røyster (Høgre).

Fremskrittspartiet
Terje Søviknes la fram budsjettforslag frå Fremskrittspartiet. Forslaget inneber omprioriteringar på ca. 49,5 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget.
Frp føreslå 5 mill. kr meir til rusvernet, 1 mill. kr meir til tannhelsetenesta, 11 mill. kr (netto) meir til utdanningssektoren, 5 mill. kr meir til vedlikehald av fylkesvegar, 1 mill. kr til renter og avdrag på låneopptak til opprusting av fylkesvegbruer, 2,5 mill. kr meir til trafikksikringstiltak. Frp vil bruka 10,8 mill.kr meir i tilskot til kollektivtrafikken for at takstauken skal avgrensast til 2,5 %, det same som venta generell prisstiging.

Transportordninga
Løyvinga til transportordninga vil Frp auka med 2 mill. kr og i tillegg løyva 1 mill. kr auka innsats i TT-ordninga. Generelt vedlikehald vil Frp auka med 1,9 mill. kr og partiet vil løyva 100 000 kr til oppretthalding av forbrukarutvalet.
Innan undervisningssektoren vil Frp oppretthalda Osterøy vidaregåande skule, Arna yrkesskule sine filialklassar i Vaksdal, trebåtbyggjarlina i Jondal og allmennfag ved Austrheim vidaregåande skule.

20 % av kulturbudsjettet
Frp vil kutta 20 %, 14 mill. kr, av kulturbudsjettet og 6 mill. kr i løyvingane til næringsføremål. Innan utdanningssektoren vil Frp kutta vel 15 mill. kr. Det gjeld m.a. nedlegging av Manger folkehøgskule, kutt i løyvinga til elevinspektørar med 4 mill. kr, 2,5 mill. kr i kutt i skuleadministrasjonar sentralt og ved skulane, medan 8,2 mill. kr gjeld kutt i kompensasjon for skulepakke II.

Innan miljøområdet vil Frp kutta ca. 1 mill. kr. Løyvinga til fylkesadministrasjon og fellesutgifter vert føreslegne kutta med 7 mill. kr, kulturlandskapssenteret med 1,5 mill. kr og tilleggsløyvingskontoen med 1,5 mill. kr. Sal av eigedomar skal gje 2,5 mill. kr i inntekter og effekt av konkurranseutsetjing skal gje 1 mill. kr.
Frp sitt forslag inneheld også ei rekkje verbalpunkt.

Forslaget frå Frp fekk to røyster (Frp, uavh.).

Sosialistisk Venstreparti
Bjørn Lothe sette fram forslag frå SV. Han la fram to alternative forslag. Det eine omfatta påplussingar på 97,7 mill. kr finansiert med meirinntekter til fylkeskommunen ved rammeløyvingar m.m. frå staten.
Det alternative forslaget til SV gjeld omprioriteringar på 10,3 mill. kr i høve til budsjettgrunnlaget frå fylkesrådmannen. Påplussingane gjeld 1 mill. kr meir til tannhelsetenesta, 1 mill. kr meir til vikartimar i dei vidaregåande skulane og 0,4 mill. kr meir til transportordninga for funksjonshemma. Vidare inneber forslaget at Osterøy vidaregåande skule vert oppretthalden og at det ikkje skal verta samanslåing av vidaregåande skular.

Nedskjeringar
Påplussingane vil SV dekkja ved nedskjeringar på 2,0 mill. kr i fylkesadministrasjonen, 2,1 mill. kr mindre til politiske styringsorgan og redusert reiseverksemd for politikarar og tilsette. Andre føreslegne kutt er: Fylkesarkivet 600 000 kr, Europakontoret 700 000 kr, andre næringsføremål 588 000 kr, strategisk næringsplan 480 000 kr, tilskot til private skular 750 000 kr, Hordaland olje- og gassenter 731 000 kr, Kyststamvegutvalet m.m. 613 000 kr, kontrollorgan 1,0 mill. kr, kontingentar (SAVOS og Norveg finans) 200 000 kr, og ymse tiltak regional utvikling 500 000 kr.
På investeringsbudsjettet vil SV utsetja løyvinga på 2,5 mill. kr til tusenårsstaden i Øystese og auka løyvinga til vidaregåande skular med same sum.
SV hadde også ei rekkje verbale punkt i sitt forslag.

Forslaget fekk ei røyst (SV).

Fylkestinget skal handsama budsjettet på møte i Bergen 10.-12. desember.

Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Stanley Hauge

21.11.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart