Utvikling stikk motsett resten av Europa

- Det som forbausar meg ved situasjonen her til lands er at vi har ein debatt og ei utvikling stikk motsett det som er tilfelle i resten av Europa, sa fylkesordførar Gisle Handeland då han opna fylkstinget i Bergen 12. mars. Handeland reagerer på utviklin

Grunnleggjande feil
- Eitt av kronargumenta mot det regionale forvaltningsnivået er at vi er så få i dette landet, berre 4,5 mill. innbyggjarar. Det må vere grunnleggjande feil å leggje avgjerande vekt på folketalet når ein skal vurdere behovet for regional påverknad i ein demokratisk samanheng, sa fylkesordførar Gisle Handeland under opninga av fylkestinget 12. mars.

Frankrike har 96 fylke og 22 regionar
- Det er rett av vi er ganske få i dette landet, men arealet er slett ikkje så lite. Finnmark er på storleik med Danmark og heile landet utgjer i areal om lag 60 prosent av Frankrike. Frankrike som var den førre helseministerens mønsterland på sjukehusområdet, har 90.000 kommunar, 96 fylke og 22 regionar. Samanlikna har Noreg minst like store regionale forskjellar med omsyn til næringsvegar og levekår generelt.

Topptung statsmakt
- Regionalpolitikarane og forsvararane av eit demokratisk regionalt styre har hatt enklare dagar enn desse. Det som forbausar meg ved situasjonen her til lands er for det første at vi har ein debatt og ei utvikling stikk motsett det som er tilfelle i resten av Europa. For det andre at diskusjonen om fordeling av politisk makt, behovet for eit demokratisk system med god balanse og stor breidde er nesten fråverande. Det faktum at den norske statsmakta er ein av dei mest topptunge, får heller ikkje særleg merksemd, og slett ikkje i VG og Dagbladet, sa fylkesordføraren under opninga av fylkestinget i Bergen Kongress Senter.

Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland

Bjarte Brask Eriksen

12.03.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart