- Dei radioaktive utsleppa frå Sellafield representerer miljømessige og moralske utfordringar, både i notid og framtid. Ingen har rett til å nytta Nordsjøen som ein avfallsplass med dei dramatiske følgjene dette kan få. Vi må overlata eit reint hav til n

Konferansen som blei arrangert av Naturvernforbundet i Hordaland, fann stad parallelt med ministerkonferansen om Nordsjøen.
Selsvold Nyborg viste til at Hordaland fylkeskommune gjennom fleire år har vore svært uroa over dei radioaktive utsleppa frå Sellafield, og at fylkestinget har vore aktiv i arbeida for å stansa desse. Hordaland fylkeskommune har også støtta Naturvernforbundet i Hordaland sin kamp mot Sellafield-utsleppa.
- No er det viktig at styresmakter, politikarar, friviljuge organisasjonar og fiskeindustrien framleis står saman i det massive presset mot britiske styresmakter for å få dei til å stansa utsleppa. Denne type konferansar er eit viktig steg i det arbeidet, sa fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.
Nils Marton Aadland