Miljøvernministeren Børge Brende seier i ei pressemelding m.a. følgjande knytt til planen:
«Regjeringa ønskjer å flytte oppgåver og funksjonar frå Oslo-området. Tilgang på infrastruktur er eit viktig kriterium for lokalisering av statlege verksemder. Eg har i denne samanheng merka meg at Hordaland vil satse tungt på informasjonsteknologi.»
Regjeringa stør òg eit meir miljøvennleg utbyggingsmønster i Bergen.
«95 000 bergensarar er i dag utsette for helsefarleg luftforureining. I følgje fylkesplanen skal ein syte for meir effektiv arealbruk innafor byggjesona og samtidig verna om viktige kultur- og naturområde. Transportsystemet i heile fylket må betrast. Det vil redusere problema i byen,» seier miljøvernminister Børge Brende.
Om bruk og vern av areal, miljø og naturressursar
Regjeringa stør ein differensiert arealpolitikk i fylket og eit forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen, statsetatane og kommunane med aktiv medverknad frå næringslivet om utviklinga av dette.
Regjeringa understrekar at fråflyttingskommunar kan undergrava seg sjølv ved å opna for enklare frådeling av tomter utanom tettstadane. Regjeringa ber om at fylkesdelplanen for senterstruktur som no er under utvikling, tek opp dette spørsmålet.
Regjeringa er samd i at det er ei stor utfordring for Hordaland å leggja til rette for å ta i bruk fylket sine naturgjevne ressursar innan fiskeri og havbruk.
Om senterutvikling
Regjeringa meiner planen bør bli klårare når det gjeld fortetting av bustader og presiserer at fortetting i kollektivknutepunkt i sentrum av byar og tettstader er viktig nasjonal politikk.
Om utbyggingsmønster i Bergensregionen
Bergen by brukar mest i Noreg av tettstadsareal til vegformål, arealformål og energiforbruk pr. innbyggjar. Dette har mellom anna ført til at 95000 av Bergens 233000 innbyggjarar er utsett for helsefarleg forureining frå vegtrafikken. Fylkesplanen identifiserer at spreidd arealbruk, slik som utbygginga i den sørlege delen av Bergen på begge sider av Flyplassvegen er døme på kva problem som oppstår når det ikkje er samanhang mellom arealutvikling og heilskapleg transportplanlegging. Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sine målsetjingar om utforming av ein differensiert arealpolitikk, der ein førar ein meir effektiv arealbruk innafor byggjesona i byar og tettbygde område, samtidig som ein vernar om viktige kultur- og naturområde.
Regjeringa oppmodar til eit nært og forpliktande samarbeid mellom kommunane i fylket og fylkeskommunen når det gjeld utforminga av arealpolitikken. Arealbruk langt utanfor Bergen har stor innverknad for Bergens trafikk og miljøproblem.
Kommunane sine ønskje om vekst må vere tilpassa det regionale behovet. Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sin retningsline om å unngå spreidd utbygging av einskildtomter i vekstkommunar, og meiner at fylkeskommunen i dette spørsmålet må vere restriktive, sjølv om føremålet er å utnytte eksisterande infrastruktur, heiter det i den kongelege resolusjonen.
Om Hordaland som eitt transportfylke
Regjeringa stør Hordaland fylkeskommune sine mål for programområdet transport og lovar at det i handlingsprogrammet for nasjonal transportplan no vil bli lagt større vekt på fylkeskommunen sine prioriteringar. For investeringar på riksvegnettet lovar regjeringa at fylkeskommunen sine prioriteringar skal vera avgjerande. Ynskje om å satsa på ein forstadsbane Bergen-Voss er også interessant for regjeringa. Det vil bli vurdert om fylkeskommunen skal ta over statens ansvar for transporttenester for lokal og regiontrafikken i Hordaland som eit forsøk.
Regjeringa er positiv til at det blir utarbeidd ein hamneplan for Hordaland.
Les pressemeldinga frå miljøvernministeren
Meir info:
Kgl. res. 22.03.02

Stanley Hauge