Uro
«Hordaland fylkesting er uroa over den utviklinga som er i Odda etter at 130 arbeidsplassar vil verta lagt ned i tida framover. Verksemda arbeider vidare med å leggja om produksjonen, slik at det blir ei kjemisk bedrift med 70 arbeidsplassar. Problemet er at dette ikkje er avklara enda, og det er difor viktig at verksemda får drahjelp i denne omstillinga.
Nedgang i folketalet
Odda kommune har, saman med dei andre Hardangerkommunane, over lengre tid hatt nedgang i folketalet og ei skeiv aldersfordeling. Kommunen har gjort mykje for å leggja til rette for næringsutvikling, og dei har fram til no langt på veg klart å kompensera for tap av nærare 1000 industriarbeidsplassar dei siste 15 åra.
Omstillingskommune
Odda kommune har sidan 1998 vore ein omstillingskommune, og har saman med SND gått inn med store økonomiske ressursar for å møta den utviklinga vi no ser.
Livskraftig
Hordaland fylkesting vil og understreka at Odda er eit livskraftig lokalsamfunn med mange gode kvalitetar og at Odda har ei rekkje moglegheiter til å skapa ny vekst, dette gjeld mellom anna innafor ny industri, turisme og kultur.
Hordaland fylkesting meiner difor:
– Det må setjast i gang ekstraordinære tiltak for å auka kompetansen til dei som mister arbeidet sitt ved Odda smelteverk A/S og andre stader i Hardanger.
– At staten må støtta Odda smelteverk A/S sine planar om å etablera ei kjemisk bedrift aktivt og økonomisk. Dette vil bli ei miljøbedrift som vil bidra til å redusera CO2-utsleppa.
– At infrastrukturen i regionen må styrkjast, som til dømes rassikring og prosjekt som Hardangerbrua og Jondalstunnelen må byggjast.
Det er viktig at desse avklaringane kjem raskt. Det som skjer i Hardanger, skjer no — difor har vi ikkje tid å mista.»
Reserverte seg
Fråsegna vart vedteken samrøystes, men SV, RV og V (i alt 10 representantar) reserverte seg mot at Hardangerbrua vart omtala i fråsegna.
Stanley Hauge