Snøggbåtruta Herøysund–Os (Kvinnheradsruta) vert oppretthalden i si noverande form ut året. Samstundes skal det arbeidast vidare med moglege løysingar som ivaretek behova til alle partar, har Hordaland fylkesutval vedteke med ni (Ap, Krf, V, SV) mot seks
Forslaget som vart vedteke, var eit fellesforslag frå Arbeiderpartiet, Kristeleg folkeparti og Venstre. SV støtta først sitt eige forslag, men røysta subsidiært for fellesforslaget.
Jan Koløy (Frp) og Berit W. Eldøy (H) røysta for eit eige forslag om at det eksisterande rutetilbodet skulle oppretthaldast som i dag.
I fylkesutvalet sitt vedtak heiter det at grunna uavklåra tilhøve vedkomande rutetilbodet i Ytre Kvinnherad vert båtruta Herøysund-Os vidareført i si noverande form. Fylkesutvalet ser det likevel som viktig og naudsynt at det som ei følgje av opninga av Folgefonntunnelen vert arbeidd vidare med eit reisetilbod som er tilfredsstillande både for næringslivet og innbyggjarane i denne regionen.
Fylkesutvalet vedtok å setja ned ei arbeidsgruppe til å arbeida vidare med moglege løysingar. Arbeidsgruppa skal ha fem medlemer frå komiteen for miljø og samferdsel. Gruppa skal samarbeida med kommunane og næringslivet i regionen.
Oppdraget er å arbeida vidare med moglege løysingar som ivaretek behova til alle partar fram mot budsjettbehandlinga for 2003. I dette ligg det også å vurdera redusert tal stopp i kommunane Kvinnherad og Tysnes for å korta ned reisetida til Bergen.
Fire representantar (2 H, 1 Sp og 1 uavh,) gjekk inn for innstillinga frå fleirtalet i komiteen for miljø og samferdsel om å opprette ny snøggbåtrute mellom Kvinnherad og Bergen, på strekninga Rosendal-Malkenes-Flesland-Bergen.
Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet

Stanley Hauge