Omprioriteringane fører til kutt i dei andre sektorane i fylkeskommunen. Kutta omfattar m.a. 9 mill. kr innan vidaregåande opplæring og 2,0 mill. kr i administrasjonen. 4 mill. kr i tidlegare løyvde midlar til prosjekt i strategisk næringsplan vert inndregne. Det vert rekna med 2 mill. kr i inntekter frå utleige av bustader. Tannhelsetenesta sitt budsjett vert redusert med 6,2 mill. kr i samband med nedbetaling av underskot frå 2001 og overføring av IT-midlar. Det sistnemnde er ei teknisk omlegging, då ein tilsvarande utgiftspost til IT for tannhelse heretter vert ført på det samla IT-budsjettet til fylkeskommunen.
Røysting
Vedtaket vart gjort med 36 (Ap, Krf, Sp, V, Pensj.) mot 30 røyster (SV, RV, H, Frp, uavh.).
Uendra studentrabatt
Rabattsatsen på kollektivreiser for studentar vert ikkje endra, men vidareført med 35 %. Det vert ei ny vurdering av rabattsatsen på fylkestinget i juni. På det tidspunkt reknar ein med kva rabattsats det vert lagt opp til frå staten når ordninga med studentrabatt skal gjerast landsomfattande frå 1. august i år. Dette punktet vart vedteke med 35 (Ap, Krf, Sp, V) mot 31 røyster. Mindretalet ville oppretthalda rabattsatsen på 35 % utan atterhald om ny vurdering i juni.
Andre forslag
Fremskrittspartiet føreslo at i staden for å kutta 9 mill. kr i opplæringsbudsjettet, så skulle det kuttast tilsvarande sum i kulturbudsjettet. Forslaget fekk 10 røyster (Frp og uavh.) og fall.
Høgre
Høgre føreslo at kuttet i opplæringsbudsjettet skulle setjast til 2,5 mill. kr. I staden ville Høgre kutta 3,5 mill. kr i administrasjonen og rekna med at utgiftene til renter og avdrag på lån kan reduserast med 5 mill. kr. Forslaget fekk 13 røyster (H) og fall.
Uavhengig
Fredrik U. Litleskare (uavh.) føreslo at i staden for å kutta 9 mill. kr i opplæringsbudsjettet, skulle det kuttast 3 mill. kr av fylkesutvalet sin tilleggsløyvingskonto, 3 mill. kr i næringstilskot og 3 mill. kr i kulturbudsjettet. Forslaget fekk 10 røyster (Frp og uavh.) og fall.
SV
SV føreslo å utsetja saka om kutt til revidert nasjonalbudsjett ligg føre. Berre sju representantar støtta forslaget, som fall.
Ungdomskort
Fylkestinget ber om at dei økonomiske og praktiske fylgjene av samordning av skulereisekort og ungdomskort vert vurdert. Dette vart vedteke mot 25 røyster (H, RV, SV, Frp). Høgre hadde eit eige forslag om at samordning skal vera frivillig. Dette forslaget var det 19 som støtta (H, Frp og uavh.). SV føreslo at det skulle gjerast ei vurdering av korleis ressursane til skulekort og ungdomskort kan nyttast best mogleg, og leggja fram sak om dette. Dette forslaget fekk 17 røyster (RV, SV og Frp/uavh.) og fall.
Stanley Hauge