Jondalstunnelen på topp

Fylkestinget prioriterer Jondalstunnelen på topp av store fylkesveganlegg i Hordaland. Men fylkestinget strekar under at Jondalstunnelen ikkje skal koma til fortrengsel for dei riksveganlegga som fylkestinget prioriterte i samband med handsaminga av handl

På biletet ser vi ein del av ordførarane som høyrde på ordskiftet om Jondalstunnelen: Øyvind Olsnes, Vaksdal (f.v.), Thoralv Mikkelsen, Odda og John Skogseth, Jondal.

Røysting
Forslaget som vart vedteke var eit fellesforslag frå Ap, H, Krf, Frp, 4 Sp, 4 uavh. og Pensj. Dei 54 representantane for forslagsstillarane røysta for, medan 13 røysta (SV, RV, V 1 Sp, 2 uavh.) imot.

Overgangsordning
Fylkestinget legg til grunn at Jondalstunnelen skal koma inn under overgangsordninga med statstilskot til store fylkesvegprosjekt og føreset at det og blir løyvd statlege midlar frå 2003.

Brei semje
Det var brei semje i fylkestinget om at Jondalstunnelen skal byggjast, men delt syn på når dei fylkeskommunale løvyingane skal koma. Eit felles forslag frå Sp, Ap, Frp, uavhengige og Pensjonistpartiet vart vedteke med 46 mot 21 røyster (13 H, 8 Krf). Vedtaket seier at fylkeskommunen skal yta 30 mill. kr i startløyving i 2005. Resten av den fylkeskommunale løyvinga (55 mill. 1992-kr) skal koma i perioden 2006-2011.
Dekking for 30 mill.kr i 2005 vedtok fylkestinget skal skje ved at 19 mill. kr i refusjonar til kommunar vert utsett til 2006 og 2007. 11 mill kr skal takast frå dei såkalla sekkepostane i fylkesvegplanen.

Utsette refusjonar
Refusjonane som vert utsette frå 2005 gjeld veg til Storekalsøy (Austevoll) med 8,2 mill. kr til 2007, Dolvikvegen (Bergen) med 6,8 mill. kr til 2007 og Hanøytangen (Askøy) som vert endra frå 4 mill. kr i 2005 til 9 mill. kr i 2006.

Høgre og KrF
Høgre og Kristeleg folkeparti fremja forslag om at fylkestinget skal koma attende til endeleg prioritering og realisering av Jondalstunnelen i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan/fylkesvegplanen 2006-2015. I forslaget vert det også lagt til grunn at finansiering og planar er avklåra før handsaminga av dette handlingsprogrammet. Dette forslag fekk 21 røyster (13 H, 8 Krf.) og fall.

Slik vil fylkestinget finansiera tunnelen:
120 millionar kroner i bompengar, 55 millionar frå kommunane Kvam, Jondal og Odda, og 160 millionar i statlege og fylkeskommunale midlar.

Andre tiltak som fylkestinget prioriterer i fylkesvegplanen:
Trafikksikring
Etter at ordninga med statlege ”Aksjon skulevegmidlar” vart lagt inn i rammetilskotet til fylkeskommunane, har fylkestinget vedteke å vidareføre ordninga med fylkeskommunale midlar. Åtte millionar kroner skal kvart år setjast av til trafikksikring.

Utbetring Evanger-Nesheim
Mindre utbetringstiltak langs fylkesveg 313 Evanger-Nesheim i perioden 2002-2005 for å utvikle næringslivet og reiselivet i området.

Utbetringstiltak på Reksteren
Fylkestinget viser til dei føringane som er lagt til grunn i samband med det fylkeskommunale vedtak om nedlegging av ferjesambandet til Reksteren og ber om å få lagd fram ei sak om utbetringstiltak på Fv 83 på Reksteren, slik fylkesutvalet føresette i sitt vedtak 19. mars 1998.

Omlegging i Rosendal
Fylkestinget prioriterer 3 mill. kr innanfor mindre utbetringstiltak i perioden 2002-2005 til ei snarleg omlegging av fylkesvegen forbi Baroniet, Rosendal. Desse midlane skal inngå som ein del av eit spleiselag mellom Hordaland fylkeskommune, Kvinnherad kommune og eigarane av Baroniet for fullfinansiering av dette prosjektet.

Vinterdrift på høgfjellet
Fylkestinget er samd i vegsjefen sine prioriteringar innanfor rammene til drift av fylkesvegnettet i perioden 2002-2005, og vil særleg understreke at dagens nivå på vinterdrift på høgfjellstrekningane på fylkesvegnettet vert vidareført.

150 millionar til Bergensprogrammet
Med grunnlag i mellom anna opplegget med fylkeskommunale ”Aksjon skulevegmidlar” legg fylkestinget til grunn at det kan setjast av om lag 150 mill.kr til Bergensprogrammet innanfor fylkesvegplanen 2002-2011.

Ny Sædalsveg
Fylkestinget ber om at det vert lagt fram ny sak om forskottering av kostnadsauke for prosjektet ”Ny Sædalsveg, Bergen”. Fylkestinget legg til grunn at fastsetting av refusjon for den samla forskotteringa må fastsettast i samband med handsaminga av fylkesvegplanen 2006-2015 eller eventuelt i samband med innføringa av todelinga av vegnettet.

Nei til Dolvikvegen
Med grunnlag i Bergen Tomteselskap A/S sitt ansvar som byggherre for prosjektet Dolvikvegen seier fylkestinget nei til Bergen kommune sin søknad om forskottering av kostnadsauke på dette prosjektet.

Ny veg til Hanøytangen
Fylkestinget går inn for at prosjektet ny veg til Hanøytangen, Askøy, vert lyst ut på anbod der også finansiering gjennom forskottering av prosjektkostnadene vert ein del av anbodsgrunnlaget. Fylkestinget går inn for at refusjonstidspunktet vert fastsett med 1 mill. kr. i 2005, 9 mill. kr. i 2006 og 5 mill. kr. i 207. Refusjonstidspunktet for restforskotteringa vert fastsett i samband med handsaming av fylkesvegplanen 2006 – 2015 eller i samband med innføring av todeling av vegnettet. Etter anbodsinnhenting må prosjektet leggjast fram for fylkestinget for godkjenning som forskotteringsprosjekt
SV, ønskte at ein større del av kostnadene, ca. 50 prosent, skal verta dekka av bedriftene som skal nyte godt av vegen. Det forslaget fekk sju røyster (SV og RV) og fall.

Forskottering av Trollkjelsvegen
Fylkestinget vedtok at Vaksdal kommune får høve til å forskottere den samla kostnadsauken på Fv 343 Trollkjelsvegen og at dette vert ein del av det samla forskotteringsopplegget for prosjektet på 19 mill. kr. Fylkestinget viser til den ordinære løyvinga på 5 mill.kr til dette prosjektet i fylkesbudsjettet for 2002, og går vidare inn for å fastsette refusjonstidspunktet for den samla forskotteringa til 5 mill. kr i 2003 og 3 mill. kr i 2004. Refusjonstidspunktet for dei resterande 6 mill. kr vert teke stilling til i samband med handsaminga av fylkesvegplanen 2006-2015 eller i samband med innføringa av todelinga av vegnettet.

Fjelberg-Borgundøy
Etter forslag frå Jan Koløy (Frp) vedtok fylkestinget samrøyses følgjande:
Planarbeidet for samanknyting av Fjelberg-Borgundøy og kabelferje til Sydnes må ferdigstillast snarast. Med det store driftstilskotet som ligg i ferjesambandet (3,6 mill. kr) er det mogleg å realisera utbygginga saman med Kvinnherad kommune tidleg i perioden.

Les pressemeldinga frå fylkestinget torsdag 14. mars

Les pressemeldinga frå fylkestinget onsdag 13. mars

Stanley Hauge

15.03.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart