Vegdirektoratet ønskjer å todele det offentlege vegnettet i Noreg, men komite for miljø og samferdsel meiner utgreiingsarbeidet ikkje er tilfredsstillande. I dag er vegnettet tredelt mellom kommune, fylkeskommune og stat. Direktoratet går inn for at stat
Komiteen vil heller styrke det regionale folkevalde nivået ved at ein del av riksvegane, med tilhøyrande ressursar blir overførte til fylkeskommunen. Ein slik modell vil gje staten ansvar for stamvegnettet, som skal omfatte alle riksvegar med nasjonale interesser og funksjonar. Resten av riksvegnettet bør nedklassifiserast til regionale vegar. Komiteen ber om at ein slik alternativ modell må utgreiast og sendast på høyring.
Utan omsyn til ny klassifisering av vegnettet går komiteen inn for at dette ikkje skal gå ut over bygginga av Jondalstunnelen, som fylkeskommunen har prioritert på topp av store fylkesvegprosjekt.
Stamveg over Hardangervidda
Komiteen går vidare inn for at riksvegen over Hardangervidda, mellom Hønefoss og Granvin/Voss, og riksveg 13 mellom Jøsendal og Voss blir ein del av stamvegnettet. Det er ein føresetnad at dette ikkje går ut over framtidig realisering av tidlegare prioriterte tiltak på desse vegstrekningane, inklusiv Hardangerbrua og andre delar av det eksisterande stamvegnettet i Hordaland.
Komiteen ønskjer vidare at tilførslevegar til viktige knutepunkt og terminalar blir vurdert innlemma i stamvegnettet.
Mindretal
Eit mindretal i komiteen, dei tre frå Frp og U, gjekk inn for todelinga av vegnettet slik Vegdirektoratet ønskjer.
Saka går vidare til fylkesutvalet 7. mars og fylkestinget 12.-14. mars. Stortinget skal behandle saka til våren.
Bjarte Brask Eriksen