Fylkesutvalet i Hordaland har vedteke at HSD får overta BNR sine ruteløyve. Bussrutene går over til HSD Buss AS og ferjerutene til HSD Sjø AS. Vedtaket vart gjort mot fem røyster (H, Frp og U). Desse ønskte å lyse ut rutene til BNR på tilbod.
Konsesjonen omfattar BNR sine motorvognruter i Nordhordland og Osterøy, ferjeruter i Nordhordland og på Osterøy, inklusive samband til Gulen og Bergen (Breistein) og lokalbåtruter i Austrheim.
Fylkesrådmannen hadde ingen merknader til overdraginga. HSD vil få styrka konkurransekraft. På den andre sida kan utviklinga mot stadig større selskap svekke grunnlaget for framtidig konkurranse. Fylkesrådmannen meiner likevel at dette ikkje er avgjerande og rådde til overdraging, heitte det i saksutgreiinga.
Stanley Hauge