Hordaland fylkesting har gjeve fylkesutvalet fullmakt til å gje tilsegn om tilskot til skulevegprosjekt i 2003 innan ei ramme på 4 mill. kr.
Det statlege øyremerkte tilskotet til aksjon skuleveg vart teke bort frå og med 2001. Fylkeskommunen sette ikkje av midlar til aksjon skuleveg på 2002-budsjettet. Oversyn frå vegkontoret viser at det er ei rekkje prosjekt som det er gjeve tilsegn om tilskot til som ikkje er fullførde. Ved utgangen av 2001 stod det att vel 4,5 mill. kr som enno ikkje er utbetalt, går det fram av fylkesrådmannen si saksutgreiing.
Fylkesrådmannen skal i ei eiga sak utarbeida retningsliner for korleis ein skal praktisera ordninga med aksjon skulevegmidlar.
Stanley Hauge