Fylkeskommunen er ingen "overkommune"

- Vi korkje var eller er ”overkommune” innan område som helse, tannhelseteneste, vidaregåande skular, rusomsorg eller kollektivtrafikk. Men måten vi løyser desse oppgåvene på har sjølvsagt interesse for kommunane, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen då han ta

Negativt lada
Fylkesrådmannen likar ikkje at det negativt lada ordet ”overkommune” blir brukt om fylkeskommunen.
- Dei som forstår dette systemet veit at fylkeskommunen sidan 1976 i ytst liten grad har vore overordna kommunale interesser. Fylkeskommunen er i all hovudsak ein ”spesialkommune”, dvs. ein "kommune" på sida av dei vanlege kommunane med oppgåver som kommunane generelt sett er for små til å løyse sjølve.
Det er berre på områda arealpolitikk og kulturminneforvaltning at fylkeskommunane har eit visst overkommunepreg gjennom den lovgiving som gjeld på området. Overkommunepreget er likevel ikkje større enn at staten heile tida kan overprøve det fylkeskommunale skjønn.
Omgrepet ”overkommune” er med på å setje kommunane opp mot fylkeskommunane og er med på å bryte ned tanken om fylkeskommunen som ein positiv medspelar for kommunane og som pådrivar og ivaretakar av regionale interesser.

Mellomledd
- Eit anna ord eg misliker er ”mellomledd”. Når fylkeskommunen blir omtala som eit mellomledd får det ein nordlending til å tenke på råfisklaget: Fisken vart pålagt moms og andre kostnader og vart dyrare for forbrukarane. Andre får andre assosiasjonar. Eit ord som heng saman med ”mellomledd” er ordet ”unødvendig”. Men fylkeskommunen er altså ikkje eit mellomledd som tek i mot saker og sender dei vidare pålagt moms og forteneste. Idéen om fylkeskommunen som eit unødvendig og fordyrande mellomledd har dessverre likevel festa seg hos mange. Idéen er derimot feil: Vi er først og fremst ein spesialkommune og utførar våre oppgåver så å seie utan både forteneste og moms, sa fylkesrådmann Paul M. Nilsen til fylkestinget i Bergen.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Bjarte Brask Eriksen

12.03.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart