Fylkesdelplan for energi

Hordaland fylkesting har vedteke fylkesdelplan for energi 2001-2012 med visjon, mål og fylkespolitiske retningsliner.

Hovudessensen i planen kan oppsummerast slik:
· Utfordra elektrisitet som kjelde for oppvarming.
· Ny energiproduksjon må ta omsyn til areal- og miljøkonfliktar.
· Framleis rom for kraftkrevjande og energikrevjande industri i Hordaland.
· Tilgang på energiressursar må nyttast som grunnlag for næring og kompetanse.
· Fokus på energi i kommuneplanlegginga.

Utover tiltak som kan inngå i ordinære fylkeskommunale oppgåver vil fylkestinget prioritera utarbeiding av lokale energistrategiar, energistyring i eigne bygg, definera kva som er verdifulle natur-, frilufts- og kulturlandskap og større samanhengande inngrepsfrie naturområde i Hordaland, utgreia distribusjonssystem for naturgass, og sjå på utviklingsvegar frå bruk av naturgass til bruk av hydrogen.

Målet med fylkesdelplan for energi har vore å utvikla ein regional energipolitikk.

I planen er det formulert slik visjon for energifylket Hordaland:
«Hordaland skal vera eit leiande energifylke med påliteleg energiforsyning. Høg kompetanse og god teknologi skal medverka til berekraftig uttak av energiressursane som grunnlag for lokal verdiskaping. Berekraftig overføring og bruk av energi skal dempa dei negative konsekvensane som energibruk kan føra til på lokalt og globalt nivå, også i eit langsiktig perspektiv.»

I planen gjer ein synleg korleis vi nyttar energi i dag, kva energiressursar som er tilgjengelege i fylket, og eventuelle problem og mogleg nytte bruk av desse kan føre til. Også utslepp av klimagassar som følgje av stasjonær energibruk er presentert. For å synleggjere mogleg utvikling av energibruk framover, er det utvikla 5 ulike scenarium med energibalanse og utslepp av CO2.

Visjonen, måla og eit sett med fylkespolitiske retningsliner i planane skal samla syna den regionale energipolitikken. Dei sterkaste økonomiske og juridiske verkemidla ligg utanfor det fylkeskommunale handlingsrommet. Innan energifeltet har fylkeskommunen roller som påverkingsaktør, høyringsinstans, byggeigar og råderett over fylkeskommunale prosjektmidlar.

Stanley Hauge

13.03.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart