For dårleg vegnettutgreiing

Vegdirektoratet sin høyringsrapport om todeling av det offentlege vegnettet er ikkje tilfredsstillande, seier Hordaland fylkesting i høyringsfråsegna si til ny inndeling av det offentlege vegnettet. Vedtaket vart gjort mot 11 røyster (Frp, uavh.).

Tredelt
I dag er vegnettet tredelt mellom kommune, fylkeskommune og stat. Direktoratet går inn for at stat og kommune skal overta fylkesvegane. Fylkestinget vil heller styrke det regionale folkevalde nivået ved at ein del av riksvegane, med tilhøyrande ressursar blir overførte til fylkeskommunen. Ein slik modell vil gje staten ansvar for stamvegnettet, som skal omfatte alle riksvegar med nasjonale interesser og funksjonar. Resten av riksvegnettet bør nedklassifiserast til regionale vegar. Fylkestinget meiner ein slik alternativ modell må utgreiast og sendast på høyring.

Jondalstunnelen
Utan omsyn til ny klassifisering av vegnettet går fylkestinget samrøystes inn for at dette ikkje skal gå ut over bygginga av Jondalstunnelen, som fylkeskommunen har prioritert på topp av store fylkesvegprosjekt.
Fylkestinget går vidare inn for at riksvegen over Hardangervidda, mellom Hønefoss og Granvin/Voss, og riksveg 13 mellom Jøsendal og Voss vert ein del av stamvegnettet. Det er ein føresetnad at dette ikkje går ut over framtidig realisering av tidlegare prioriterte tiltak på desse vegstrekningane, inklusiv Hardangerbrua og andre delar av det eksisterande stamvegnettet i Hordaland.
SV og RV støtta berre at riksveg 13 mellom Jøsendal og Voss vert ein del av stamvegnettet. Og Venstre gjekk imot at Hardangerbrua skulle nemnast særskild under dette punktet.

Stamvegnettet
Fylkestinget ønskjer vidare at tilførslevegar til viktige knutepunkt og terminalar blir vurdert innlemma i stamvegnettet.
Fylkestinget seier i vedtaket sitt at dersom ei todeling av vegnettet skal gjennomførast, må Vegdirektoratet sitt forslag om eit eige forsterkingsprogram følgjast opp for vegar som skal verta kommunale.
Fylkestinget føreset at Vegdirektoratet si norm for vedlikehaldsmidlar må leggjast til grunn for tildeling av vedlikehaldsmidlar i framtida.

Mindretal
Eit mindretal i fylkestinget, dei to frå Frp og uavhengige, gjekk inn for todelinga av vegnettet slik Vegdirektoratet ønskjer.

Stanley Hauge

17.03.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart