I dag er vegnettet tredelt mellom kommune, fylkeskommune og stat. Direktoratet går inn for at stat og komme skal overta fylkesvegane. Fylkesutvalet vil heller styrke det regionale folkevalde nivået ved at ein del av riksvegane, med tilhøyrande ressursar blir overførte til fylkeskommunen. Ein slik modell vil gje staten ansvar for stamvegnettet, som skal omfatte alle riksvegar med nasjonale interesser og funksjonar. Resten av riksvegnettet bør nedklassifiserast til regionale vegar. Fylkesutvalet meiner ein slik alternativ modell må utgreiast og sendast på høyring.
Utan omsyn til ny klassifisering av vegnettet går fylkesutvalet samrøystes inn for at dette ikkje skal gå ut over bygginga av Jondalstunnelen, som fylkeskommunen prioriterer på topp av store fylkesvegprosjekt.
Fylkesutvalet går vidare (mot ei røyst (SV)) inn for at riksvegen over Hardangervidda, mellom Hønefoss og Granvin/Voss, og riksveg 13 mellom Jøsendal og Voss vert ein del av stamvegnettet. Det er ein føresetnad at dette ikkje går ut over framtidig realisering av tidlegare prioriterte tiltak på desse vegstrekningane, inklusiv Hardangerbrua og andre delar av det eksisterande stamvegnettet i Hordaland.
SV støtta berre at riksveg 13 mellom Jøsendal og Voss vert ein del av stamvegnettet.
Fylkesutvalet ønskjer vidare at tilførslevegar til viktige knutepunkt og terminalar blir vurdert innlemma i stamvegnettet (mot 1 røyst (Frp)).
Eit mindretal i fylkesutvalet, dei to frå Frp og uavh., gjekk inn for todelinga av vegnettet slik Vegdirektoratet ønskjer.
Les heile pressemeldinga frå fylkesutvalet
Stanley Hauge