Transportpolitikk for Vestlandet

I samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2006-2015 har fylkeskommunane Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal inngått eit samarbeid om ein strategisk transportanalyse for Vestlandet.

Siktemålet med denne analysen er å dokumentere viktige transportpolitiske utfordringar og synleggjere at dei fire fylka står samla bak hovudlinjene og strategiane for ein framtidig overordna transportpolitikk for Vestlandet. Transportanalysen for Vestlandet er eit tillegg til dei ordinære transportanalysane for det enkelte fylke i Nasjonal transportplan 2006-2015.

- Mangelfulle kommunikasjonar og høge transportkostnader gjer det nødvendig med eit krafttak i utviklinga av transporttilbodet på Vestlandet. Næringslivet må sikrast konkurransekraft og landsdelen må vidareutviklast til ein robust og sterk region. Med mange rasutsette vegstrekningar og sjøtransport i tronge farvatn er det og eit krav at innbyggjarane og næringslivet har eit trygt og sikkert transportnett. Sist men ikkje minst vil vi legge til grunn kravet om ei berekraftig utvikling ved ei strategisk satsing på ein effektiv nord-sør retta transportkorridor med transportknutepunkt for kombinerte godstransportløysingar mellom veg, sjø og jernbane. I Vest-Noreg er Kyststamvegen E39 heilt avgjerande for nord-sør trafikk på land. Kyststamvegen er difor eit høgt prioritert gjennomgåande vegsystem for alle Vestlandsfylka, og vert framheva som eit samla strategisk grep for å skape ein sterk Vestlandsregion. For å sikre framkomst og berekraftig utvikling er det og nødvendig med ei kraftig forbetring av kollektivtransporttilbodet i byområda i landsdelen, seier fylkesordførar Gisle Handeland.

Analysen skal no ut på høyring før endeleg vedtak vert gjort i dei fire fylkestinga.

Les meir om transportplanen

Nils Marton Aadland

09.05.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart