Staten må sikre at eitt av dei mest kjende måleria i landet, "Brudeferden i Hardanger", kjem det offentlege til gode. Konstituert fylkeskultursjef i Hordaland, Svein Schrøder Amundsen, meiner staten må kjøpe måleriet og plassere det i Hardanger.
Ein av dei sju variantane Tidemand og Gude måla av "Brudeferden i Hardanger", er lagd ut for ope sal. I eit intervju med NRK, meiner fylkeskultursjefen at staten bør punge ut.
- Her synest eg at staten burde gå i bresjen og sikre eit slikt ikon for ettertida, slik at det norske publikum kan oppleve dette i eit offentleg museum, seier Schrøder Amundsen.
Tilbake til Hardanger
Måleriet skal seljast til høgstbydande, og prisen er rekna til om lag fire millionar kroner. Svein Schrøder Amundsen meiner måleriet høver aller best i Hardanger, der det høyrer heime.
- Dette kunne vore eit høve til å få Hardanger tilbake til Hardanger. Vi skal byggje eit kunst- og kultursenter i Øystese i Hardanger, og det kunne vore ein høveleg stad å plassere måleriet. Eg synest det er heilt på sin plass at vi har eit slikt bilete med ein så stor symbolverdi i denne regionen; anten i Bergen eller ein annan stad i Hordaland, og da helst i Hardanger.
Ikkje interessert
Nasjonalgalleriet i Oslo er ikkje interessert i å kjøpe denne versjonen. Museet har alt den første versjonen av "Brudeferden i Hardanger" frå 1848.
Les heile saka hos NRK

Bjarte Brask Eriksen