
Fylkesordføraren ber om eit snarleg møte med statsministeren for å ta opp denne situasjonen. Han vil på same møtet ta opp den vanskelege situasjonen for Odda-samfunnet.
Lån til å dekka underskot
I brevet til statsministeren viser fylkesordføraren til at fylkeskommunen må ta opp eit lån på ca. 600 mill. kr for å dekka oppsamla underskot. Fylkeskommunen tek sikte på å betale ned denne gjelda over 15 år. Med dagens rentenivå vil dette koste om lag 80 mill. kr dei første åra.
Regjeringa har i revidert budsjett for 2002 forslått ei tilleggsløyving som vil dekke noko av renteutgiftene. Men fylkeskommunen må betale avdrag utan statleg medverknad. Dette vil belaste vårt budsjett sterkt og i praksis svekke vår evne til å drive vidaregåande skular, samferdsel m.m., påpeikar Handeland.
— Eg meiner det er urettvist at innbyggjarane i Hordaland i åra som kjem skal få eit dårlegare tenestetilbod som følgje av underskot som skriv seg frå drifta av sjukehusa før staten overtok. Det er eit faktum at sjukehusa var kraftig underfinansierte dei siste åra fylkeskommunane sto for drifta, seier Handeland.
Vestlandet får ein for låg del av dei statlege midlane til sjukehusa
Regjeringa har foreslått store tilleggsløyvingar til sjukehusa i 2002. Manglande løyvingar er likevel ikkje heile biletet i helsesektoren. Alle målingar eg kjenner til, viser at m.a. Haukeland sykehus var eit svært effektivt drive sjukehus med lågare ressursbruk enn tilsvarande sjukehus på Austlandet. Regjeringa sitt forslag til auka løyvingar til sjukehusa i 2002 ser ut til å vidareføre skeivfordelinga, heiter det i brevet til statsministeren.
Kan ikkje aksepterast
Fylkesordførar Handeland seier: — Etter mitt syn kan det ikkje aksepterast at innbyggjarane i Hordaland både skal rammast av tidlegare sjukehusunderskot og langt lågare løyvingar til sjukehusdrift enn elles i landet. Innbyggjarane i Hordaland vert råka dobbelt. Staten må snarast utjamne løyvingane slik at Helse Vest kjem på line med dei andre regionale helseføretaka.
Den vanskelege situasjonen i Odda.
Oddasamfunnet og Hardangeregionen er kome i ein svært vanskeleg situasjon som følgje av reduksjonen/den delvise nedlegginga av Odda Smelteverk. Fylkesordføraren ønskjer å drøfte med statsministeren om det er mogleg å finne fram til nye initiativ som kan berge fleire av arbeidsplassane som er nedleggingstruga.
Stanley Hauge