Markert trafikkauke over Nordhordlandsbrua

Trafikkauken over Nordhordlandsbrua held fram. I april passerte 263.588 køyretøy over brua, noko som utgjer 8.786 passeringar pr. døger. Trafikkveksten frå 1. januar til og med 30. april i år er på heile 5,3 prosent i høve same periode i fjor.

Sidan Nordhordlandsbrua opna for trafikk den 22. september 1994 (betaling frå 26. sept.) har trafikkutviklinga vore slik:

År - Trafikk - Prosentendring - Snitt pr. døger
1994 - 583 171 - 6 012
1995 - 2 376 183 - 6 510
1996 - 2 473 134 - 4,1 - 6 757
1997 - 2 589 226 - 4,7 - 7 094
1998 - 2 750 189 - 6,2 - 7 535
1999 - 2 892 558 - 5,2 - 7 925
2000 - 2.947 108 - 1,9 - 8 052
2001 - 3.064 086 - 4,0 - 8 395
2002 - 943.318 - 5,3 - 7.769

Lånegjeld
Den 21. mars 2002 vart lånegjelda nedbetalt med 25 millionar kroner. Restgjelda på Nordhordlandsbrua kan etter dette spesifiserast slik:

5,32 % obligasjonslån forfall 30. juni 2003 350 mill. kr
6,71 % Kommunalbanken forfall 12. november 2002 50 mill. kr
Sum 400 mill. kr

Spesifikasjonen viser lånegjelda pr i dag. Ved forfall vert låna nedbetalte i den grad ein får inn bompengar til dette. Låna vil verta delvis fornya inntil restgjelda er nedbetalt.

Vegdirektoratet har i tidlegare prognoser lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt i 2005. Vegdirektoratet skriv i november 2001 at prosjektet vil vera nedbetalt i 1. halvår 2006.
Dersom same trafikkauken som i 2001 (4 %) vil halda fram, tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast i 1. kvartal 2006.

Les saka som word-dokument (utskriftsvenleg versjon)

Nils Marton Aadland

14.05.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart