Den politiske leiinga i Akershus fylkeskommune, Rogaland fylkeskommune, Hordaland fylkeskommune, Sør-Trøndelag fylkeskommune, Oslo kommune, Stavanger kommune, Bergen kommune og Trondheim kommune krev at Stortinget i revidert nasjonalbudsjett 2002 løyver f
I eit felles brev til finanskomiteen og samferdselskomiteen på Stortinget krev dei ei ekstraløyving på 100 millionar kroner i 2002.
Dei fire fylkesordførarane og dei fire ordførarane/byrådsleiarane viser til at det både i regjeringa si tiltredingserklæring og i kollektivmeldinga (St.meld. 26 2001-2002) er lagt opp til å styrke kollektivtrafikken, særleg i dei store byområda. Dette er positive signal, men utan nye statlege løyvingar vil ei rekkje miljø- og kollektivfremjande tiltak vere i fare, og det kan bli nødvendig med rutenedleggingar og takstauke.
Dei fire fylkeskommunane og dei fire bykommunane ber om å få møte både finanskomiteen og samferdselskomiteen for å leggje fram nærare dokumentasjon om behovet for nye midlar.

Nils Marton Aadland