
- Dette kom overraskande på meg. Eg hadde ikkje venta dette, seier Brattaule som vart fostermor i 1980. På biletet ser vi ho saman med fosterbarn, helgebarn, barn og barnebarn.
- Det starta med at eg kom i kontakt med mange barn gjennom arbeidet mitt i den offentlege tannhelsetenesta. Eg fekk lyst til å ta meg av barn som hadde behov for hjelp, og etter det har eg vore fostermor. Det har vore triveleg!
Purr ikkje på majesteten!
22. mars fylte Brattaule 60 år. Planen var å overraske ho med Kongens sølv og diplom på dagen, men svaret frå Slottet var at ”ein purrar ikkje på majesteten – det må gå sin gang”.
22. april underskreiv Kong Harald diplomet og 3. mai overrekte ordførar Kristian Helland diplom og medalje.
- Innsatsen din har hatt svært mykje å seie for barna du og familien din har teke seg av. Med å vere open i media har du rekruttert nye foreldre til fosterbarn. Du har og arbeidt med å lære opp nye fosterforeldre. Ingen kan unngå å bli rørt av innsatsen din. Du har gjort ein samfunnsinnsats langt utover det vanlege, sa ordføraren.
Første i Hordaland
I talen sin sa Oddvar Jensen, leiar av komité for kultur og helse i Hordaland at dette var første gongen ei fostermor i Hordaland får slik heider.
- Eg er glad for at det blir sett stempel på det ekstraordinære arbeidet som Brattaule har gjort. Det er ein rik måte å leve på, sa Jensen.
Overtannlege i Bergen centrum, Eileen Nøtsund, rosa kreativiteten til Brattaule.
- Du har alltid hatt kreative løysingar og veggar er inga hindring. Du har ein eineståande evne til å kommunisere med folk. Du yt det beste heile tida. På arbeidsplassen er du ein ettertrakta sekretær på ein stillferdig måte, men og bestemt og urokkelege. Om det er nokon som har fortent fortenestemedaljen nokon gong, er det deg Else, sa Nøtsund og overrekte blomster frå fylkestannlegen.
Faneberar
Barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland fylkeskommune overrekte boka ”Vestlandet” og sa at Brattaule er blitt ein faneberar for fosterforeldra.
- Eg er stolt over innsatsen du har gjort over mange år. Problemet for barnevernet i pressa er at vi alltid har fått kritikk, men du har stått fram på ein positiv måte og fortalt kva arbeidet går ut på. Du har vist vilje og mot, sa Andersen.
Svein Karlsen, leiar av Hordaland fosterheimsforening overrekte blomster.
- Barnevern er å ta seg av andre sine barn. Else Marie er ein av dei som lever opp til idealet om å ta seg av andre sine barn, sa Karlsen.
Generalsekretær Hege Sundt i Norsk Fosterhjemsforening overrekte helsing frå foreningen og takka for arbeidet ho og mannen Svein har gjort gjennom alle desse åra.
Sjå bileta frå overrekkinga
Bjarte Brask Eriksen