Fylkesutvalet i Hordaland går inn for å ha to lokale vegkontor og tre filialar i fylket etter at regionkontoret for Vestlandet hamna i Leikanger. Dei to lokale vegkontora bør vera i Bergen og Voss, medan Odda, Stord og Knarvik bør få filialar.
Til grunn for lokaliseringa legg fylkesutvalet vekt på arbeidet med viktige transportpolitiske strategiar aust-vest og nord-sør. Hordaland vert delt inn i to vegdistrikt. Vegkontoret for Hordaland aust blir lagt til Voss, med filial i Odda. For Hordaland vest blir vegkontoret lagt til Bergen, med filialar på Stord og i Knarvik.
Fylkesutvalet strekar under at filialane i Odda, Stord og Knarvik må sikrast gjennom eksisterande og andre aktuelle oppgåver. Som ei aktuell oppgåve for Odda legg fylkesutvalet særleg vekt på ansvaret for utvikling av rassikring i distriktet.
Bakgrunn for saka er eit høyringsforslag frå Vegdirektoratet om ny distriktsinndeling etter at Statens vegvesen skal vert delt inn i fem regionar her i landet mot fylkesvis inndeling tidlegare. Den nye organiseringa skal gjennomførast frå 1. januar neste år. Høyringsfristen er 3. mai. Planen er at Stortinget skal gjere endeleg vedtak før sommarferien.
Vegdirektoratet har lagt opp til at sunnhordlandskommunane Bømlo, Etne, Fitjar, Stord og Sveio skal høyra til Haugaland distrikt. Hordaland fylkesutval går med sitt vedtak inn for at desse kommunane skal høyra til Hordaland vest distrikt.
Stanley Hauge