Årsmeldinga viser at innan helsevern og sosiale tenester auka brutto driftsutgifter med over 17 % frå 2000 til 2001. Rekneskapen viser at det i fjor vart brukt i alt 5 939 mill. kr i denne sektoren i Hordaland fylkeskommune. Veksten var nesten dobbelt så stor som dei føregåande åra, då den var høvesvis 8,6 % (1998-99) og 9,0 % (1999-2000). Vi brukte i 2001 over 50 % meir til helsevern og sosiale tenester enn i 1997 (3 906 mill. kr) målt i løpande kroner.
I 2001 gjekk 68,3 % av fylkeskommunen sine samla driftsutgifter til helsevern og sosiale tenester, medan tilsvarande tal for 1999 var 64,8 %.
Rekneskapen for Hordaland fylkeskommune for 2001 kom ut med eit underskot på 416,3 mill. kr. For tredje året på rad fekk fylkeskommunen underskot. Ubalansen mellom utgifter og inntekter har vorte større kvart av dei siste åra. I 1999 var underskotet på 125,5 mill. kr og i 2000 på 171,4 mill. kr. For dei tre åra 1999-2001 er det oppsamla underskotet kome opp i 713,1 mill. kr.
Størst overskriding i 2001 hadde helsevern og sosiale tenester med 404,2 mill. kr. Men også dei to andre store sektorane, undervisning og samferdsel overskreid budsjetta. For samferdsel var overskridinga 15,7 mill. kr og for undervisningskapitlet 19,3 mill. kr.
Les heile årsmeldinga som pdf-fil

Stanley Hauge