Situasjonen for norske sjøfolk er alvorleg. I ein interpellasjon til Hordaland fylkesting i juni krev Hans Otto Robberstad (A) snarlege tiltak.
Årsaka til den alvorlege situasjonen er at Danmark, Sverige og fleire andre land har innført nettolønsordningar for sjøfolk. Dette fører til ei alvorleg konkurranseulempe for norske sjøfolk.
For Hordaland og for Vestlandet er den maritime aktiviteten ein av berebjelkane for næringslivet på Vestlandet. Norske sjøfolk kjem også i stor grad frå distriktskommunane og skipsfartsnæringa er på mange vis ei distriktsnæring.
Kva kan Hordaland fylkeskommune for sin del gjera for å vera med å sikra levelege og stabile konkurransevilkår for norsk skipsfart, og for å sikra arbeidsplassane for norske sjøfolk? spør Hans Otto Robberstad i interpellasjonen til fylkestinget, som har sete i Rosendal 11. til 13. juni.
Bjarte Brask Eriksen