Alvorleg overtramp frå generalforsamlinga i Sunnhordland Kraftlag

Fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg reagerer svært sterkt på at 16 menn og ingen kvinner blei funne verdig til styret i Sunnhordland Kraftlag, SKL. - Dette er direkte uhøyrt og kan definitivt ikkje godtakast, seier ho.

Måndag var representantar frå kraftbransjen i Sunnhordland samla til generalforsamling i SKL. Då valet på medlemer og varemedlemer til styret skulle gjerast, blei det forslått 16 menn og ingen kvinner til desse verva. Alle dei 16 mennene blei valde.

- Eg er forundra over at noko slikt kan skje i år 2002. Det skal vere 40 prosent kvinner i alle offentlege styre og råd. Hordaland fylkeskommune legg stor vekt på å oppfylla dette kravet. Det var også årsaka til at Hordaland fylkeskommune sin representant på generalforsamlinga i SKL, Hans Otto Robberstad, påpeika den grove skeivheita. Eg vil ikkje slå meg til ro med det som har skjedd. Personleg er eg overtydd om at det finst mange dyktige kvinner i Sunnhordland som kan tilføra styret i SKL mykje kunnskap og kompetanse. Eg vil ta opp denne saka med likestillingsministeren og Likestillingsombodet med sikte på å få vurdert valet på styre ut frå gjeldande lovverk, seier fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.

Nils Marton Aadland

08.05.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart