Vil ha tettare og betre samarbeid på Vestlandet

- Ein Vestlandsregion som samarbeider tettare og betre enn i dag, vil kunne hevde interessene til landsdelen med større styrke og vere eit sterkare korrektiv til sentralmakta i Oslo, sa fylkesordførar Gisle Handeland då han opna Hordaland fylkesting i Ros

Fylkesordføraren er uroa over at ei svekking av det regionale folkevalde nivået reduserer regionens evne til å vere ein sunn motmakt mot staten, til å hevde regionens interesser og utviklingsstrategiar.

- Vi vil alle tape på dette, også kommunane. Det er ikkje slik at makta som blir fråteke fylkeskommunen skal bli kompensert med auka kommunal makt. Kommunane kan ikkje vege opp for den sterkare statlege maktkonsentrasjonen vi ser konturane av, sa Handeland.

Sterkare region
For imøtekome den stadige svekkinga av fylkeskommunen, ønskjer fylkesordføraren ein sterkare region på Vestlandet.
- Eg håpar og trur vi som minimum blir samde om i første omgang å gå inn for ein såkalla landsdelsmodell, med tett og pliktande samarbeid om konkrete oppgåver. Vi må då og skipe eit felles styringsorgan, eit vestlandsråd, som med kraft kan drive vestlandssamarbeidet vidare, sa Handeland.

Sogn og Fjordane og Rogaland
Sogn og Fjordane fylkesting har alt gått inn for å skipe eit vestlandsråd, men vil og ha Møre og Romsdal med i eit slikt samarbeid. Rogaland fylkesting skal behandle ”Vestlandsutgreiinga” samstundes med fylkestinget i Hordaland. Rogaland innstiller og på Vestlandsmodellen og vil be fylkesrådmannen utgreie kva statlege område som kan vere aktuelt å overføre til fylkeskommunen.

Les heile talen til fylkesordførar Gisle Handeland

Bjarte Brask Eriksen

11.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart