Utdeling av fag- og sveinebrev

- Lærlingordninga er eitt av dei beste verkemidla vårt samfunn har for å møte morgondagens utfordringar i arbeidslivet, sa fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg under utdelinga av fag- og sveinebrev i Hordaland 20. juni.

Dei fleste som deltok på utdelinga, har tatt fagbrev i vaksen alder, og fleire av dei har tatt det i fag som er lite populære hos ungdom, så som reinhald, omsorg og kontorfag. Selsvold Nyborg peika på at desse faga er kvinnedominerte og heilt avgjerande for at bedrifter og samfunn skal kunne fungere.
- Eg vil difor oppfordra dykk spesielt til å tenke igjennom kva som skal til for at desse faga kan bli meir attraktive for ungdom. Ta det gjerne opp med fagmiljø, bedrifta og fagforeininga. Det er de som er i faget som best kan gi innspel på kva som gjer at de trivst i faget.

Omskiftingar
Selsvold Nyborg kom og inn på dei stadige akselererande omskiftingane som skjer på arbeidsmarknaden i dag.
- Med den fagutdanninga som fag- og sveinebrevet er eit prov på, har de fått ei solid ballast til å møte denne utviklinga. De har vist at de er i stand til å tileigna dykk kunnskap som er nødvendig. Som fagutdanna vil de også kunna vidareutvikla kunnskap og ferdighetar, og omstilla dykk i takt med dei krav arbeidsmarknaden stiller.

Grunnstein
- Fagutdanninga som de har fullført, kan i så måte sjåast på som ein grunnstein for framtida dykkar. Den er også svært viktig og verdfull for samfunnet vårt. Vestlandet er den delen av landet som bidrar mest til verdiskapinga i Noreg. For å kunna oppretthalda og vidareutvikla denne verdiskapinga, er det heilt avgjerande at vi har fagarbeidarar som dykk, sa fylkesvaraordførar Torill Selsvold Nyborg.

Nils Marton Aadland

21.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart