Trafikkveksten over Nordhordlandsbrua held fram. I mai månad passerte 295.252 køyretøy over brua, noko som gir eit snitt på 9.524 køyretøy pr. døger. Dette er ein auke på 6,8 prosent i høve til mai 2001.

I 10 dagar i mai var trafikken meir enn 10.000 passeringar pr. døger. Onsdag den 8. mai (dagen før Kristi Himmelfartsdag) var talet 12.273, og torsdag 16. mai var talet 12.201. Den 17. mai var trafikken 6.180, det lågaste for heile månaden.
Dei høge tala er likevel noko under rekorden frå fredag 29. mai 1998 (fredag før pinse). Denne dagen passerte 12.896 betalande køyretøy.
Lånegjeld
Lånet på Nordhordlandsbrua utgjer i dag 400 millionar kroner.
Vegdirektoratet har i tidlegare prognoser lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt i 2005. Vegdirektoratet skriv i november 2001 at prosjektet vil vera nedbetalt i 1. halvår 2006.
Dersom same trafikkauken som i 2001 (4 %) vil halda fram, tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast i 1. kvartal 2006.
Les pressemelding om saka
Nils Marton Aadland