Herand Bygdelag i Jondal kommune får miljøprisen for sin innsats i nærmiljøet som har ført til ei positiv utvikling i ei fråflyttingstruga bygd, sa Bente Bondhus, leiar av komite for miljø og samferdsel, då ho overrekte miljøprisen for Hordaland 2001. Det
På biletet frå venstre: fylkesordførar Gisle Handeland, dei fire representantane frå Herand bygdelag: Johan Haugen, Marit Samland, Kjellaug Hoås Samland og Margreta Sandvin Eiken. Til høgre Bente Bondhus, leiar i komiteen for miljø og samferdsel som delte ut prisen på 30.000 kroner.
Frå pessimisme til optimisme
Dette er 11. gongen Hordaland fylkeskommune delar ut prisen som er på 30.000 kroner. Bondhus sa at stemninga i Herand er snudd frå pessimisme til gryande optimisme.
- Dei positive ringverknadene av å dra lasset saman er mellom anna. betre samhald og kontakt i bygda. Signala om at fleire unge ynskjer å flytta tilbake etter endt utdanning tyder på at ein har klart å skape eit bumiljø som framstår som attraktivt for unge, sa Bondhus.
Starta i 1998
Bygde-mobiliseringsprosjektet starta i 1998 med drahjelp og økonomisk støtte frå både fylkesmannen og fylkeskommunen innafor ordningar for Lokal Agenda 21-tiltak og områdetiltak.
Konkrete tiltak som er gjennomført er:
· Eit bygdeblad er kome i sving og går med overskot som nyttast til nye tiltak.
· Bygdelaget har fått bygd omsorgsbustader og det er starta barnehage.
· Oppgangssaga, Tveiti, frå 1700-talet og kvernhuset i sentrum er populære vitjingsmål for turistgrupper. Trevirke frå saga vert levert til t.d. restaurering av Bryggen i Bergen. Guiding og servering skaper inntekter.
· Meieri-bygningen i sentrum er pussa opp og gjev rom for kunstutstilling og er samlingsstad.
· Badeplass er opparbeidd på dugnad.
Det er og planar om mellom anna restaurering av bygningar og stigar i fjellet, utnytting av ferskvassfiskeressursane og å få etablert båtbyggjarmuseum.
Det var 12 kandidatar til miljøprisen.
Les pressemelding om tildelinga

Bjarte Brask Eriksen