Vidare utvikling og utdjuping av samarbeidet t.d. med eit felles Vestlandsting, vil Hordaland fylkesting kome attende til etter at samarbeidet i Vestlandsrådet er evaluert ved utgangen av 2005.
I vedtaket seier fylkestinget at Vestlandsrådet skal arbeida for å utvikle Vestlandsregionen m.a. gjennom felles satsingar, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen. Rådet skal vidare fremja regionen sine interesser overfor statlege styresmakter, og arbeida for å kunna overta statlege oppgåver, ressursar og verkemiddelstyring i regionen. Rådet må m.a. gjevast mynde og fullmakter på vegner av dei tre fylkeskommunane i viktige fellessaker, og samordna interessene i overordna plansaker.
Det skal leggjast fram eiga sak om nærare vurdering av einskapsfylke for fylkestinget i oktober. Eit eventuelt prosjekt som forsøksfylke innanfor ordninga som einskapsfylke, må ikkje koma i konflikt med Vestlandssamarbeidet som er skissert i denne saka. Forslaget om dette punktet vart sett fram av Atle Mildestveit (V) og vart samrøystes vedteke.
Fylkestinget sitt vedtak:
«1a) Vestlandet er ein ressursrik og sterk region, som står for ein vesentleg del av verdiskapinga i Noreg. Ein meir samla Vestlandsregion vil gi eit betre grunnlag for å utvikle og gjennomføre ein heilskapleg utviklingspolitikk for regionen, og styrkje regionen i konkurransen om ressursar til vidare utvikling. (Vedteke mot 2 (RV).)
1b) Ein samla Vestlandsregion vil kunne ta på seg eit større ansvar for regional utvikling og ressursfordeling gjennom å overta statlege oppgåver og verkemiddel. Dette gjeld særleg områda samferdsel, utdanning, forsking, kultur, planlegging og ressursforvalting. (Vedteke mot 7 (RV, Frp).)
1c) Som eit første steg i utviklinga av ein meir samla Vestlandsregion, går Hordaland fylkesting inn for å etablere eit tett og sterkt samarbeid mellom Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane frå 1.1. 2003 gjennom oppretting av eit Vestlandsråd. Rådet skal setjast saman av utsendingar frå dei tre fylkestinga. (Vedteke mot 7 (RV, Frp).)
2a) Vestlandsrådet skal arbeide for å utvikle Vestlandsregionen m.a. gjennom felles satsingar, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen. Rådet skal vidare fremje regionen sine interesser overfor statlege styresmakter, og arbeide for å kunne overta statlege oppgåver, ressursar og verkemiddelstyring i regionen. Rådet må m.a. gjevast mynde og fullmakter på vegne av dei tre fylkeskommunane i viktige fellessaker, og samordne interessene i overordna plansaker. (Vedteke mot 7 (RV, Frp).)
2b) Rådet må sikre eit godt samarbeid med kommunane og storbyane i regionen, og med næringsliv og utdannings- og forskingsmiljø. (Vedteke mot 7 (RV, Frp).)
2c) Nærare om mandat, organisering, mynde og oppgåver for Vestlandsrådet må klårgjerast innan 1.1.2003. Styringsgruppa arbeider vidare med saka, og legg fram forslag i desembertinget 2002. (Vedteke mot 7 (RV, Frp).)
3. Samarbeidet vert evaluert ved utgangen av 2005. Vidare utvikling og utdjuping av samarbeidet t.d. med eit felles Vestlandsting, vert å kome attende til etter evalueringa. (Vedteke mot 13 (RV, Frp, uavh).)
4. Det skal leggjast fram eiga sak om nærare vurdering av einskapsfylke for fylkestinget i oktober. Eit eventuelt prosjekt som forsøksfylke innanfor ordninga som einskapsfylke, må ikkje komme i konflikt med Vestlandssamarbeidet som er skissert i denne saka. (Samrøystes.)»
Forslag, som fall:
Fremskrittspartiet fremja forslag om at det berre skal vera to forvaltingsnivå, primærkommunane og staten. Frp. seier også at dei ser behovet for eit tettare forpliktande samarbeid på Vestlandet for å styrkja landsdelen. Forslaget deira gjekk ut på å oppretta eit Vestlandsråd samansett av ordførarane i kommunane. Forslaget fekk fem røyster (Frp) og fall.
Raud Valallianse føreslo at alle større endringar av fylkeskommunane si organisering og deira oppgåver skal leggjast fram for folkerøysting. Forslaget fekk 13 røyster (RV, Frp og uavh.) og fall.
Raud Valallianse sitt forslag inneheldt også eit punkt gjekk imot fylkessamanslåing på Vestlandet fordi det vil gje einingar som er ueigna til å nå målet om auka folkeleg deltaking. I staden føreslo RV at ein skulle få utgreidd om det vil vera råd å desentralisera den politiske makta på Vestlandet, til dømes i form av småfylke (Sunnhordland-Haugalandet, Nordhordland-Gulen, Bergensregionen m.m.). Dette forslaget fekk to røyster (RV) og fall.
Les heile pressemeldinga frå fylkestinget i Rosendal
Stanley Hauge