Hille Strandskogen Arkitekter AS vann arkitektkonkurransen 1000-årsstaden i Hordaland

Hille Strandskogen Arkitekter AS frå Oslo vann Hordaland fylkeskommune sin arkitektkonkurranse om utforminga av eit kunst- og kultursenter i Øystese i Hardanger, "Tusenårsstaden i Hordaland". Arkitektane Henrik Hille (t.h. på biletet) og Ervin Strandskoge

Konstituert fylkeskultursjef Svein Schrøder Amundsen offentleggjorde juryen si avgjerd fredag 7. juni under ein pressekonferanse i Øystese, staden kunst- og kultursenteret skal etablerast.

Prosjektet til Hille Strandskogen Arkitekter AS har mottoet CARDO. Juryen har valt dette utkastet då det har ein samklang med Øystese, samstundes som det strekkjer seg ut over det lokale. Prosjektet har ei poetisk tilnærming til oppgåva, og viser stor formgjevarglede.

- Det vil gje Øystese eit elegant tilskot til sentrumsområdet, og vil verka til å binda saman sentrumsarealet på ein positiv måte. Ved å løfta bygget opp på eit eige platå, har det gjeve tusenårsstaden som kunst- og kultursenter sin eigen verdi og markering. Slik CARDO er framstilt står tusenårsstaden fram som ein landskapsmessig komposisjon av bygg og park, heiter det i juryen si grunngjeving.

Kunst- og kultursenteret i Øystese skal etter planen opnast 7. juni 2005, på 100-årsdagen for oppløysinga av unionen med Sverige. Det første halvtanna året vil gå med til å detaljutforma og prosjektera bygningane som skal reisast. Byggjearbeida må vera komne i gang kring årsskiftet 2003/2004 om framdriftsplanen skal haldast.

Med grunninvesteringane, tomteverdi og byggjekostnad har prosjektet ei kostnadsramme på 25-26 mill. kr (2000-kroner). Men alt er ikkje avklåra enno, m.a. knyter det seg spenning til kor mykje pengar staten vil gå inn med. Tidlegare var det stilt i utsikt 10 mill. kr, men denne summen er seinare redusert til 8 mill. kr – nokon ein lokalt og i fylket er lite nøgde med. Fredag 21. juni skal prosjektet presenterast for kulturminister Valgerd Svarstad Haugland som kjem til Øystese.

Arkitektane Henrik Hille og Ervin Strandskogen seier at dei i utkastet sitt har bygd vidare på hagen ein allereie ser konturane av ved Ingebrigt Vik museet. Dei har freista å få fram ein arkitektur som bind saman dei ulike retningar og særtrekk i omgjevnadane. Dei ser det som ei stor utfordring å gå i gang med den praktiske detaljutforminga av bygningane i samarbeid med oppdragsgjevarane.

Leiar i komiteen for kultur og helse, Oddvar J. Jensen, var mellom fleire som uttrykte seg positivt om løysinga som var valt. — De har gripe området og fått bygget godt på plass i omgjevnadane, sa han. Også ordførar Martin Vik i Kvam var godt nøgd med utkastet som juryen har valt.

Heile 39 firma melde si interesse då fylkeskommunen inviterte til ein avgrensa prosjektkonkurranse. Av dei vart fem arkitektgruppene valde ut til å delta i sjølve konkurransen.

Stanley Hauge

10.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart