Konstituert fylkeskultursjef Svein Schrøder Amundsen offentleggjorde dette i dag under ein pressekonferanse i Øystese, staden kunst- og kultursenteret skal etablerast.
Prosjektet til Hille Strandskogen Arkitekter AS har mottoet CARDO. Juryen har valt dette utkastet då det har ein samklang med Øystese, samstundes som det strekkjer seg ut over det lokale. Prosjektet har ei poetisk tilnærming til oppgåva, og viser stor formgjevarglede.
- Det vil gje Øystese eit elegant tilskot til sentrumsområdet, og vil verka til å binda saman sentrumsarealet på ein positiv måte. Ved å løfta bygget opp på eit eige platå, har det gjeve tusenårstaden som kunst- og kultursenter sin eigen verdi og markering. Slik CARDO er framstilt står tusenårstaden fram som ein landskapsmessig komposisjon av bygg og park, heiter det i juryen si grunngjeving.
Heile 39 firma melde si interesse då fylkeskommunen inviterte til ein avgrensa prosjektkonkurranse. Desse fem arkitektgruppene vart valde ut til å delta i konkurransen:
Arkitektene SCHMIDT, HAMMER & LASSEN K/S, Århus.
Arkitektgruppen CUBUS AS, Bergen.
JARMUND/VIGSNÆS AS arkitekter, Oslo.
LUNDE & LØVSETH Arkitekter AS; Oslo.
HILLE STRANDSKOGEN Arkitekter AS, Oslo.
Føremålet med konkurransen var å få fram gode arkitektoniske, tekniske og økonomiske løysingar innanfor gjevne rammer.
Utskriftsvenleg versjon

Nils Marton Aadland