Heider til pionerar i barnevernet i Hordaland

- De har vore pionerar i barnevernet, sa barneverndirektør Arne Andersen i Hordaland fylkeskommune då han under ei tilstelling i Legenes Hus i Bergen heidra tilsette som har meir enn 25 år bak seg innan barne- og familievernet i Hordaland.

På biletet ser vi Målfrid Ødegård, Sudmanske foreldre- og barnsenter (f.v.), Gudrun Hevrøy, Akuttmottak for ungdom, Willy Nilsen, Ungdomsbasen, Gro Ringheim, Voss barneheim, Rolf Arne Nygård, Barnehjemmet Anna Jebsens Minde, Turid Kvingedal, Barne- og famliekontoret, Christen Reed-Erichsen, Skjoldveien barnehjem og barneverndirektør Arne Andersen.

Første gong
Dette var første gongen jubilantar innan barne- og familievernet i Hordaland var samla til felles markering av innsatsen dei har gjort. Barneverndirektøren takka dei tilsette, overrekte ein gåvesjekk og ei bok, og heldt ein personleg tale for kvar av dei: Målfrid Ødegård, Sudmanske foreldre- og barnsenter, Gudrun Hevrøy, Akuttmottak for ungdom, Willy Nilsen, Ungdomsbasen i Fyllingsdalen, Gro Ringheim, Voss barneheim, Rolf Arne Nygård, Barnehjemmet Anna Jebsens Minde, Turid Kvingedal, Barne- og familiekontoret, Christen Reed-Erichsen, Skjoldveien barnehjem og Per-Ståle Theodorsen, Barne- og familiekontoret.

Brukar mest på barn og ungdom
- Vi har ingenting å skamme oss over. I høve til dei andre fylkeskommunane brukar Hordaland flest pengar pr. barn i alderen 0 til 20 år. Det indikerer kvalitet på tiltaka våre, sa barneverndirektør Andersen som peika på at fylkeskommunen er ung, men barnevernet er gammalt. Det første fosterheimsbarnet var Håkon Adelsteinsfostre (900-talet).
Før i tida måtte nettverket omkring ta imot barn som trengde hjelp. Etter kvart kom institusjonar.
- For 20 år sidan hadde vi dei store institusjonane. I dag går vi vekk frå dette og satsar på differensierte opplegg med institusjonar og fosterheimar, sa Andersen.
Tal tilsette i barne- og familievernet har auka dei siste åra, og Hordaland har i dag ei bemanning på bortimot ein til ein.

Tok feil
Andersen hadde von om at når vi fekk utvikla velferdssamfunnet, skulle det bli mindre bruk for barneverntenester.
- Men utviklinga har gått snarare tvert i mot. Problema innan barnevernet har akselerert slik at vi nesten mister herredømme. Det er tragisk med slik utvikling. Vi har aldri vore fleire hjelparar, men samfunnstrukturen endrar seg, og vi har fått større mobilitet. Tanter, onklar og besteforeldre finst ikkje lenger i nærmiljøet. Og dei fleste familiar er avhengige av to inntekter.

Regionale familiesenter
Andersen peiker på at vi i Hordaland har satsa for lite på det førebyggande arbeidet. Difor satsar Hordaland fylkeskommune no på bygging av regionale familiesenter. Planarbeidet om det første til seks millionar kroner vil vere ferdig i løpet av året.

Bjarte Brask Eriksen

19.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart