Dei vedtekne tiltaka fordeler seg slik: Utdanning 30 mill. kr, samferdsel 11,5 mill. kr, tannhelsetenesta 3 mill. kr, barne- og familievernet 2,5 mill. kr, regional utvikling 3 mill. kr, bortfall av tilskot til lærlingar i fylkeskommunen 2,0 mill. kr og kutt i personalopplæring, seniorpolitikk m.m. 1 mill. kr. I tillegg skal det gjennomførast eit ostehøvelkutt på 0,5 mill.kr i driftsutgiftene i alle sektorar utanom utdanning.
Fylkesrådmannen er beden om å gå gjennom alle samleløyvingar i budsjettet for 2002, for i første omgang å stoppa utbetalingar og deretter fremja sak for fylkesutvalet om inndraging av udisponerte midlar.
Forslaget som var vedteke med ni (Ap, Krf, Sp og V) mot seks (H, Frp, uavh, SV) røyster, var eit fellesforslag frå Ap, Krf, Sp og V.
Fylkesutvalet vedtok samrøystes at den politiske møteaktiviteten skal effektiviserast og reduserast. Fylkestinget hausten 2002 vert redusert frå tre til to dagar. Politisk reiseverksemd skal reduserast og ekskursjonar utsetjast til 2003.
Utdanning
Innan utdanninga betrar auka lærlingtilskot inntektene med 5,2 mill. kr. 20 mill. kr vert dekka inn ved å bruka fondsmidlar ved skulane.
Summen på 5 mill. kr som på årets budsjett er avsett til tiltak for elevar som fell utanfor, vert halvert til 2,5 mill. kr. Iverksetjing av desse tiltaka vil såleis strekkja seg over to år i staden for eitt.
Ved nedlegging av klassar i samband med inntaket i haust skal det sparast 2,3 mill. kr, noko som tilsvarar nedlegging av sju klassar.
Kutt for fylkesvegane
Innan samferdsel vert det største kuttet 8,7 mill. kr i løyvinga til fylkesvegvedlikehald. 0,6 mill. kr skal sparast ved å ta bort gratis skyss til elevane ved dei tekniske fagskulane. Denne gruppa har ikkje lovfesta rett til fri skyss.
1,2 mill. kr skal sparast ved samordning av ungdomskort og skulereisekort. I transportordninga for funksjonshemma vert det kutt på 1 mill. kr.
Tannhelse
Innan tannhelsetenesta vert det rekna med at takstauken på 5 % for betalande klientell frå 1. mai i år, vil auka inntektene med 750 000 kr. Innføringa av IT-løysingar vert stoppa for resten av året, noko som skal gje 0,8 mill. kr i innsparing. Andre tiltak skal gje 1,45 mill. kr i innsparing.
På lengre sikt vil det kunne sparast inn midlar ved å redusera talet på tannklinikkar ytterlegare. Fylkestannlegen vil i sommar leggje fram utkast til ny klinikkstruktur i Hordaland, der fleire av dei minste og dyraste klinikkane vil bli foreslått nedlagde. Fylkesrådmannen vil koma attende til dette i ei eiga sak til hausten, heiter det i saksutgreiinga.
Barne- og familievernet
For å redusera kostnadene og dempa kostnadsveksten i barne- og familievernet skal tiltaksstrukturen gjennomgåast og det vert strengare kontroll med pris ved nye og fornying av kontraktar med private. Etablering av nye tiltak som familievernkontoret på Stord og utviding av familiebaserte tiltak vert utsett noko. Samla ventar ein at desse tiltaka skal gje innsparingar på 2,5 mill. kr.
Prognosen for underskot i barne- og familievernet tyder på eit underskot på 24 mill. kr i år. Fylkesrådmannen legg til grunn at rekneskapsunderskot i barne- og familievernet er uunngåeleg utan ei ny stor budsjettstyrking. Tiltaka som er skisserte rettar difor berre i liten grad opp budsjettunderskotet i barne- og familievernet i år. Det som er viktig er at ein set i verk tiltak som har noko verknad i år, men større effekt dei komande åra. På denne måten kan ein makta å få kontroll med utgiftsveksten i barnevernet over noko tid.
Andre tiltak
Ordninga med at fylkeskommunale institusjonar får eit særleg lærlingtilskot i tillegg til dei generelle ordningane som gjeld for lærlingar, vert teken bort. Dette vil gje ei innsparing på 2 mill. kr i år. Budsjettposten til personalopplæring, seniorpolitikk m.m. vert redusert med 1 mill. kr.
Innan området til regional utvikling vert det kutt på i alt 3 mill. kr, m.a. vertkulturbudsjettet kutta med i 1 mill. kr, løyvinga til næringsføremål vert redusert med 750 000 kr, plan- og miljøtiltak får kutt på 750 000 kr.
6,0 mill. kr skal sparast ved ostehøvelkutt på 0,5 % i alle sektorar utanom utdanning.
I møtet i fylkesutvalet kom det fram at det er uvisst om heile summen på 20 mill. kr på fond i utdanningssektoren kan dragast inn utan at ein del skular vert påført underskot som følgje av at midlar er bundne til inngåtte avtalar om oppdragsverksemd. Like eins vart det stilt spørsmål om det er realistisk å redusera fylkesvegvedlikehaldet med 8,7 mill. kr. Det vart rekna med at dette vil verta avklåra i det vidare arbeidet fylkesrådmannen skal setja i verk for å gjennomføra nedskjeringane.
Andre forslag – som fall
Bjørn Lothe (SV) føreslo at budsjettet skulle kuttast med 34 mill. kr, eller 7,5 mill. kr mindre enn det fylkesrådmannen hadde føreslege. Forslaget fekk ei røyst (SV) og fall.
Terje Søviknes (Frp) føreslo å godkjenna fylkesrådmannen sitt forslag til innsparingar, men med justeringar for at vegvedlikehaldet skulle kuttast mindre, innsparinga ved kortsamordning vert mindre og at det framleis skulle vera gratis skyss for elevar i teknisk fagskule. I forslaget føreslo Soviknes også å gje fylkesrådmannen fullmakt til å gjennomføra eit generelt kutt på 2 % gjennom nedbemanning, tilsetjingsstopp, reduksjon i einskildoppgåver og prosjekt, effektivisering, konkurransestimulering og ny politisk styringsstruktur. Forslaget fekk 5 røyster (Frp, H, uavh.) og fall.
Stanley Hauge