Fylkestinget vil difor i den vidare budsjettprosessen arbeida aktivt inn mot sentrale styresmakter for at rammene til vegformål i fylket vert auka i takt med handlingsprogrammet i Nasjonal Transportplan for perioden 2002-2005.
Ut frå dette har fylkestinget gjort følgjande vedtak:
1. «Fylkestinget sluttar seg til vegsjefen sitt forslag til riksvegbudsjett for 2003. (Vedteke mot 7 røyster (SV, RV).)
2. a) Fylkestinget vil understreke den vedtekne fordelinga av midlar innanfor fylkesfordelt ramme til tiltak i Bergen og resten av fylket i samband med handsaminga av handlingsprogrammet til Nasjonal transportplan 2002-2011 på fylkestinget 13.juni 2001. Midlar som skulle ha gått til tiltak i Bergen i 2003 i samsvar med denne fordelinga må førast tilbake til tiltak i Bergensprogrammet når dei store utbyggingsprosjekta kjem i gang frå 2005 og utover. (Samrøystes vedteke.)
b) Hordaland fylkesting vil med dette halda fast ved ei fordeling med inntil 50 % innanfor fylkesfordelte riksvegrammer til tiltak i Bergen, skal oppfyllast ved gjennomføring av handlingsprogrammet til Nasjonal Transportplan 2002-2011. Fylkestinget vil difor i samarbeid med Bergen kommune medverka til at ei slik forpliktande føring vert lagt til grunn ved Stortinget si handsaming av Bergensprogrammet for transport, byutvikling og miljø. (Forslag om 2b vart sett fram av Arne Jakobsen på vegner av Ap, H, KrF, Sp og Frp. Forslaget vart samrøystes vedteke.)
3. Fylkestinget kan ikkje akseptere Vegdirektoratet si nedprioritering av investeringar på E39 Kyststamvegen i Hordaland i 2003. Fylkestinget vil understreke at E39 Kyststamvegen er eit svært viktig vegsamband i nord-sør transportkorridoren for innbyggjarane i dei største byområda og det eksportretta næringslivet på Vestlandet. Etterslepet i faktiske løyvingar til E39 Kyststamvegen må rettast opp for å kunne utvikle transportkorridorar ut av landet utanom Oslo-området slik det er lagt opp til i Innst. S. nr. 119 (2000-2001) om Nasjonal transportplan 2002-2011. (Vedteke mot 7 røyster (SV, RV).)
4. Dersom det ikkje vert lagt opp til ein auke i stamvegmidlane til Hordaland i 2003 vil fylkestinget gå inn for at oppstart av E39 Moberg-Svegatjørn vert prioritert i 2003 framfor E39 Eikåstunnelen. (Vedteke mot 7 røyster (SV, RV).)
5. Fylkestinget vil gå inn for at udisponerte bompengemidlar frå bomringen i Bergen kan nyttast til å sikre oppstart også av prosjektet E39 Eikåstunnelen i 2003. Dette er eit viktig prosjekt for sambandet mellom Nordhordland og Bergen, men også eit trafikksikringsprosjekt for fotgjengarar og syklistar, samt eit miljøprosjekt for den nye busetnaden langs eksisterande veg. Ein føresetnad for slik bruk av udisponerte bompengemidlar er at midlane vert refundert med stamvegmidlar til tiltak i Bergen seinast i 2005. (Vedteke mot 7 røyster (SV, RV).
6. Fylkestinget har merka seg at det i statsbudsjettet for 2002 vart lagt inn 5 mill. kr til planlegging av bybane i Bergen. Fylkestinget føreset at ordninga vert ført vidare i budsjetta for 2003. (Forslaget om dette punktet vart sett fram av Arne Jakobsen (AP), og vart vedteke mot 11 røyster (Frp, uavh.).)»
Følgjande protokollmerknad, som Tom-Christer Nilsen (H) tok initiativet til, vart underskriven av alle partia i fylkestinget:
Protokollmerknad:
«Vedtaket oppfattes slik at midler som skulle gått til tiltak i Bergen i 2003 er et lån fra udisponerte bompengemidler i Bergen. Midlene tilbakeføres til Bergen i reelle 2003-kroner når de store utbyggingsprosjektene i Bergensområdet kommer i gang. Det utarbeides en forpliktende politisk avtale med Bergen om dette.»
Merknaden var underskriven av Tom-Christer Nilsen (H), Turid Visnes (Ap), Bjørn Lothe (SV), Jan Koløy (Frp), Torill Selsvold Nyborg (KrF), Magnar Lussand (Sp), Atle Mildestveit (V), Hilde Kalleklev (RV), Sigrun Sangolt Natås (uavh.) og Jørgen Øydvin.
Forslag frå SV
Kyrre Stensnes (SV) føreslo å løyva 10 mill. kr til kollektivfelt og kollektivtiltak i Bergen sentrum og på strekninga Bergen-Nesttun i staden for til fylkesvegen i Solheimsgaten ved Danmarksplass. Forslaget fekk sju røyster (SV, RV) og fall.
SV føreslo også at 85 mill. kr skulle overførast frå strekninga Hop-Fjøsanger på E 39 i Bergen, til E 39 i Romarheimsdalen i Lindås (20 mill. kr) og til bybane i Bergen (65 mill. kr).
Forslaget fekk sju røyster (SV, RV) og fall.
Oversendingsforslag<</b>
Følgjande forslag frå Bente Bondhus (Sp), Sigrun Sangolt Natås (uavh.) og Torill Selsvold Nyborg (Krf), vart oversendt vegsjefen utan realitetshandsaming: «Fylkestinget syner til tidlegare vedtak i Stortinget ang. opprusting av Rv 49 (Jektevik-Norheimsund) og lovnader om oppfølging. Fylkestinget ber vegsjefen følgja opp vidare opprusting av flaskehalsar og problempunkt på Rv 49 (mindre utbetringar) i 2003.
Følgjande forslag frå Bente Håtuft (H) vart oversendt komiteen for miljø og samferdsel og fylkesutvalet, utan realitetshandsaming: «Fylkestinget ber administrasjonen leggja fram sak for å få godkjent kabelferja Masfjordnes-Duesund som gratisferje på dette sambandet. Dette fordi det er eit kostnadseffektivt alternativ til ordinær ferjedrift eller bru. Prosjektet er eineståande i norsk samanheng og kan danna erfaringsgrunnlag for andre slike prosjekt andre stader i landet.»
Les pressemeldinga frå fylkestinget i Rosendal 12. juni 2002
Stanley Hauge