Fylkeskommunen kan få 57 mill. kr i underskot

Hordaland fylkeskommune ligg an til å få eit underskot på 57 millionar kroner i år. Problema er i tre sektorar: Barnevern, opplæring og samferdsel. - Fattigmannstrøysta er at utgiftene aukar snøggare i andre fylke enn hos oss, sa fylkesrådmann Paul M. Nil

- For dei som likar å trøyste seg med at det var verre før, er minus 57 betre enn minus 280 millionar kroner i fjor. Vi har derimot no et mykje mindre budsjett, og 57 millionar kroner er difor ein monaleg sum i vårt noverande budsjett. I tillegg kjem at rammene våre går ned neste år. Vi skal dermed handtere både reduserte rammer og eit for høgt utgiftsnivå når neste budsjett skal vedtakast i desember, sa fylkesrådmannen og peika på at høve til å styre etter budsjett ikkje er svært stor på alle område.

Ikkje bli handlingslamma
- Vi blir kontrollert og regulert i stor grad av staten gjennom lover og føresegner. Vi må likevel ikkje bli handlingslamma og unnlate å ta tak i forhold som kan strammast inn, sa fylkesrådmannen.

Les heile talen til fylkesrådmann Paul M. Nilsen

Bjarte Brask Eriksen

11.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart