Hordaland fylkesting fryktar at avgiftskuttet som Luftfartsverket m.a. vil gje Helganes flyplass på Karmøy kan få alvorlege negative konksekvensar for Sunnhordland lufthamn, Sørstokken. I ei fråsegn til Samferdselsdepartementet ber eit samrøystes fylkesti
Fylkestinget peikar på at slik statleg støtte kan vera at Sunnhordland lufthamn får tilskot på linje med andre deler av kortbanenettet, eller at staten stettar søknaden om krisestøtte.
Fylkestinget vedtok 13. juni slik fråsegn:
«Hordaland fylkeskommune ser det som gledeleg at Luftfartsverket reduserer avgiftene for å gjera norske flyplassar meir attraktive for lågprisselskap. Fylkestinget vil likevel peika på at denne kryss-subsidieringa fører til konkurransevriding og diskriminering av konkurrerande ikkje-statlege lufthamner. Særleg vert situasjonen alvorleg i tilhøvet mellom Haugesund lufthavn og Sunnhordland lufthamn.
Sunnhordland lufthamn vil ikkje kunna makta å fylgja eit avgiftsnivå som ikkje dekkjer kostnadene ved drift av flyplassen. Fylkestinget krev difor at staten som lufthamneigar set i verk tiltak som hindrar slik konkurransevriding. Eit slikt tiltak kan vera å gje Sunnhordland lufthamn støtte på linje med andre delar av kortbanenettet, eller å stetta søknaden frå Stord lufthamn om krisestøtte.
Fylkestinget vil også peika på at ordninga kan få uheldige konkurransemessige verknader for Bergen lufthavn.»
Stanley Hauge