Hordaland fylkesutval har vedteke at skyss for elevar i vidaregåande skule framleis skal vera gratis innan vedtekne avstandar. Men det vert opna for at det kan skje frivillig samordning av ungdomskort og skulereisekort. Elevane skal frå 1. august i år kun
Prisen på det kombinerte kortet vert kr 300,- pr. månad, medan ungdomskortet kostar kr 360,- pr. månad. Det kombinerte kortet vil verta seld for eit skulehalvår om gongen, dvs. for 4 månader om hausten og 6 månader for vinter/vår-halvåret.
Rabatten for kombinert kort i høve til ungdomskort vert etter dei gjeldande satsane ca. 17 %.
Forslaget som vart samrøystes vedteke, var sett fram av Ap, Krf, Sp, V med tilslutnad frå H og Frp.
Stanley Hauge