Forum Folgefonn er stifta

”Vi er alle folgefonningar”, seier bygdelaga kring Folgefonnhalvøya, som opphever kommunegrensene og går saman om ei lokal og regional satsing for samhandling, utvikling og trivsel på Folgefonnhalvøya.

Kommunikasjonsmønsteret på Folgefonnhalvøya er i endring; samkvemmet mellom dei ulike grendene aukar. I løpet av ein 3-4 årsperiode vil Folgefonna Nasjonalpark vera vedteken, og om 6 år er truleg Jondalstunnelen ferdig. Dette og dei mange søknadane om stønad til områdetiltak frå halvøya førte til at Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland fylkeskommune og SND inviterte ulike bygdalag med på forstudiet ”Bærekraftig næringsutvikling på Folgefonnhalvøya basert på natur- og kulturressursar”.

Slik kom ”Er du svolten”-prosjektet i gang: I møte med om lag 450 ”folgefonningar” i 18 ulike samkomer i bygdene kring Fonna, peikte prosjektleiar Tron Bach på potensialet, motiverte og hausta tankar for næringsutvikling på halvøya.

Forstudien virvla opp 50 ulike einskildtiltak og om lag 15 regiontiltak.
Eitt av regiontiltaka var skiping av ”Forum Folgefonn”: Kring i bygdene vert me ofte for veike og åleine med omsyn til næringsutvikling. Gjennom lokal og regional samhandling får me større høve til å vidareutvikla og styrkja Folgefonnhalvøya som nærings- og busetjingsområde.

Torsdag 30. mai møttest leiarar for 10 av til saman 14 grendalag på Folgefonnhalvøya til skipingsmøte i Olaløa i Mauranger og skreiv under ein intensjonsavtale.

”Forum Folgefonn” vil jobba aktivt for å få fleire bygdalag med i arbeidet og skal vera eit organ for å samordna og målretta sams tiltak for næringsutvikling på Folgefonnhalvøya. Trivselstiltak og den kulturhistoriske arven kringom i bygdene vil vera kjelder for berekraftig næringsutvikling.
For å oppnå mest mogeleg effektivt arbeid lokalt, vil felles læring, røynsleutveksling og samordning vera viktige strategiske tiltak.

”Forum Folgefonn” ynskjer å skapa ein meir felles identitet for Folgefonnhalvøya og å synleggjera kvalitetane og produkta frå halvøya for omverda.

Anders Hassel Stub

13.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart