Først Vestlandsråd, så samla Vestlandsregion

Som eit første steg i utviklinga av ein meir samla Vestlandsregion, rår fylkesrådmannen i Hordaland til at det vert oppretta eit Vestlandsråd med representantar frå dei tre fylkestinga frå 1.1. 2003. Det vert også rådd til at Hordaland fylkeskommune skal

På biletet ser vi dei tre fylkesordførarane Roald Bergsaker, Rogaland, (f.v.), Gisle Handeland, Hordaland og Nils R. Sandal, Sogn og Fjordane.

Fylkestinga i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane skal no ta stilling til modell og strategi for vidare utvikling av Vestlandsregionen.

Realistisk bilete
Eit hovudinntrykk frå høyringa er at ”Vestlandsutredningen” i store trekk teiknar eit realistisk bilete av utviklinga og utfordringane for vestlandsfylka, og at høyringsinstansane i frå Hordaland ser eit klårt behov for å styrkje Vestlandet som region og å gå vidare i prosessen med Rogaland og Sogn og Fjordane. Det er ulike meiningar om den vidare prosessen og kva for modell som bør bli vald, men det er relativt stor oppslutnad om å arbeida for ei samanslåing av fylka. Det er også ei generell positiv haldning hos dei fleste høyringsinstansane til å oppretthalda eit regionalpolitisk nivå. I dei to andre fylkeskommunane viser høyringa ei større skepsis til både det regionalpolitiske nivået og til samanslåing av fylka, men haldninga er generelt positiv til eit vidare samarbeid.

Styrkja samarbeidet gjennom Vestlandsråd
Fylkesrådmannen i Hordaland går inn for å styrkja samarbeidet på Vestlandet, som eit første steg gjennom etablering av eit Vestlandsråd med representantar frå dei tre fylkestinga frå komande årsskifte.

Vestlandsrådet skal arbeida for å utvikla Vestlandsregionen m.a. gjennom felles satsingar, utviklingsprosjekt og andre tiltak som tener regionen. Rådet skal vidare fremja regionen sine interesser overfor statlege styresmakter, og arbeida for å kunne overta statlege oppgåver, ressursar og verkemiddelstyring i regionen. Rådet må m.a. gjevast mynde og fullmakter på vegne av dei tre fylkeskommunane i viktige fellessaker, og samordne interessene i overordna plansaker.

Godt samarbeid
Rådet må sikra eit godt samarbeid med kommunane og storbyane i regionen, og med næringsliv og utdannings- og forskingsmiljø.

Nærare om mandat, organisering, mynde og oppgåver for Vestlandsrådet rår fylkesrådmannen til må klårgjerast innan 1.1.2003.

Éin region med Vestlandsting
Fylkesrådmannen rår også fylkestinget til å vedta at Hordaland fylkeskommune skal arbeide for at Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane går saman i ein region, styrt av eit Vestlandsting valt i direkte val, og organisert etter ein desentralisert modell basert på dei organisasjonane og den kompetansen som er bygd opp i dei tre fylka. Målet må vere å etablere eit vestlandsting seinast innan valet i 2007.

Dei politiske komiteane i Hordaland fylkeskommune og fylkesutvalet skal handsama saka på møte i Rosendal 11. juni. Saka skal deretter opp i fylkestinget same stad, tinget går over dagane 11.-13. juni.

Les tilrådinga frå fylkesrådmannen og dei 24 høyringssvara som er komne inn

Les heile rapporten om Vestlandsutgreiinga (pdf)

Stanley Hauge

06.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart