«Ein fylkeskommune for Hordaland»

Strategidokument «Ein fylkeskommune for Hordaland» skal leggjast til grunn for fylkeskommunen sitt konkrete arbeid som regional utviklingsaktør, har Hordaland fylkesting vedteke mot fire røyster (Frp). Strategidokumentet skal vera grunnlag og vegvisar for

I dokumentet vert det gjort greie for nye satsingar og nye arbeidsmåtar som skal utvikla fylkeskommunen til ein leiande aktør i arbeidet med regional utvikling. Målet er å hevda Hordaland sine interesser og utvikla fylket sine ressursar i aktivt samarbeid med kommunane. Felles regional politikk og prioriteringar skal demme opp for unødig statleg styring og styrkja den lokale folkevalde makta. Vidare skal fylkeskommunen arbeida for å overta statlege oppgåver for å sikra ei betre regional styring og tilpassing under folkevalt leiing.

I arbeidet som regional utviklingsaktør skal følgjande område verta særskilt prioriterte:
- Påverka statleg politikk
- Kommunane skal vere fylkeskommunen sin viktigaste alliansepartnar
- Universitet og høgskular må også tena regionen
- Mange statlege oppgåver kan utførast betre på regionalt folkevalt nivå
- Innbyggjarane må få eit betre tilbod om livslang læring
- Bergen og Hordaland som kulturelle tyngdepunkt
- Kollektivtilbodet i fylket skal styrkjast

Dessutan skal fylkeskommunen skal utvikla arbeidsformer som byggjer opp under fylkeskommunen si nye rolle. Mellom anna skal politikarane bruka «politiske verkstader» for å utvikla politikk og tiltak på utvalde viktige saksfelt. Administrasjonen skal leggja betre til rette for strategisk viktige politiske debattar, påverknad og lobbyarbeid. Dessutan skal vi synleggjera fylkeskommunen sin innsats, medverknad og resultat.

Les heile pressemeldinga frå fylkestinget 12. juni

Stanley Hauge

13.06.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart