Hordaland fylkeskommune får ein realnedgang i 2003 i høve til 2002 på minst 50 mill. kroner. Det vil gje sterke negative utslag for innbyggjarane i Hordaland om det vert gjennomført, skriv fylkesordførar Gisle Handeland i eit brev til Kommunalkomiteen og

Gjennom det manglande oppgjeret for sjukehusreforma og det som nå ligg føre i kommuneproposisjonen vert Hordaland sine innbyggjarar dobbelt råka:
For det første ved at vi i 15 år framover må betala ned på driftsutgiftene som var knytt til sjukehusa. Det inneber i seg sjølv at det årleg vert om lag 50 mill. kroner mindre til tenester for innbyggjarane i fylket (skule, kollektivtrafikk, kultur etc.)
I tillegg kjem dei drastiske kutta som er varsla i kommuneproposisjonen.
Det er etter mitt skjøn ikkje tvil om at Hordaland både isolert sett i høve til sjukehusoppgjeret og i sum når vi tek med kommuneproposisjonen kjem særleg dårlig ut, skriv fylkesordførar Handeland.
Les brevet frå fylkesordførar Gisle Handeland
Stanley Hauge