Trafikkrekord over Nordhordlandsbrua i juni

I juni køyrde 302 237 betalande køyretøy over Nordhordlandsbrua. Det gir eit snitt på 10 075 passeringar i døgeret. Dette er den største døgntrafikken for ein månad som nokon gong er målt over Nordhordlandsbrua.

I løpet av første halvår i år har trafikken over Nordhordlandsbrua auka med 5,1 prosent i høve til 2001.

Trafikkauken i juni var på 2,8 prosent i høve til året før. Størst døgntrafikk var det fredag 21. juni, då 12 714 køyretøy kryssa brua. Dette talet er likevel under rekorden frå fredag 29. mai 1998. Denne dagen passerte 12.896 betalande køyretøy brua.

Dersom trafikkveksten på 5 prosent held fram også i juli og august, vil døgntrafikken også i desse månadane overstiga 10 000 køyretøy.Vegdirektoratet har i tidlegare prognoser lagt til grunn at Nordhordlandsbrua vert nedbetalt i 2005. Vegdirektoratet skriv i november 2001 at prosjektet vil vera nedbetalt i 1. halvår 2006.

Dersom same trafikkauken som i 2001 (4 %) vil halda fram, tilseier våre utrekningar at innkrevjinga kan avsluttast i 1. kvartal 2006.

Nils Marton Aadland

08.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart