Stord vidaregåande skule blir samla til ”eitt rike”

Stord vidaregåande skule er i ferd med å bli samla til eitt rike. Til neste haust vil frisør og musikkavdelingane flytta frå leigde lokale og inn i tilbygget som no er i ferd med å reisa seg. I tillegg til nye klasserom vil nybygget også romma kantine og

Tilbygget ved Stord vidaregåande skule som no er i ferd med å ta form, blir om lag 2000 rutemeter stort og vil ha ein prislapp på 45 millionar kroner. Det er ein gamal draum som no er i ferd med å gå i oppfylling, seier rektor Egil Y. Bergesen ved Stord vidaregåande skule.
- I mange år har mellom andre musikk og frisørfaga halde til i leigde lokale. I 1996 vart det bestemt at fylkeskommunen skulle satsa på å byggja nytt i staden for å leiga undervisningsrom. No ser vi resultatet, seier Bergesen, og syner til tilbygget som er i ferd med å reise seg på skuleområdet.
Han er ikkje i tvil om at tilbygget vil ha stor verdi for arbeidsstoda både for lærarar og elevar.
- Det inneber at skulen blir samla i eitt miljø, noko som er svært viktig for oss alle, seier Bergesen.

Spesialrom
Helge Haaland som underviser i musikk, har store forventningar til tilbygget.
- Musikkavdelinga har i mange år leigd lokale i Kulturhuset i Leirvik sentrum. Der har vi levd på andre sine premissar. Det slepp vi å gjere i våre eigne lokale. I tilbygget får vi spesialrom for musikk. Det inneber at vi får større mulighetar i undervisninga. Ikkje minst skal tilbygget romma ein konsertasal med plass til 180 menneske. Den blir svært verdfull for oss, seier Haaland.
- I tillegg vil vi kunna nytta denne salen til å samla elevar og eller foreldre i store grupper. Det har vi ikkje hatt høve til tidlegare. Vi vil også kunna leiga denne salen ut til andre som måtte ønskja å nytta den, seier Bergesen.

Godt samarbeid
Egil Y. Bergesen opplyser at samarbeidet mellom skulen, brukarrepresentantar og fylkesbyggesjefen sine folk har vore svært god i samband med planlegginga av tilbygget. I tillegg til undervisningslokale for musikk og frisørlinjene, får skulen også to naturfagrom og to datarom.
- Og ikkje minst får vi ny kantine. Det ser eg verkeleg fram til. Sjå berre kva den nye kantina ved Fitjar vidaregåande skule har å seie for miljøet der, seier Egil Y. Bergersen.

Det blir også gjort eit større opprustingsarbeid i den eksisterande bygningsmassen. I løpet av tre år skal ventilasjonssystemet oppgraderast. 12 millionar kroner er prislappen for desse arbeida.

Nils Marton Aadland

17.07.2002 00:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart